Haugenloftet

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Haugenloftet ferdig restaurert 1. november 2016.
Haugenloftet i juli 2015. Loftet var då under restaurering.
Foto: Geir Daasvatn

Haugenloftet (Haugeburet) vart bygd i 1217/1218, på garden Nordre Haugen (gnr. 30 bnr. 4) i Åraksbø i Bygland. Loftet er den eldste ståande bygningen i Aust-Agder. Med unntak for kyrkjebygg, skal det vere den nest-eldste trebygningen i Noreg, etter Vindlausloftet i Tokke i Telemark. Tømmeret i bygningen må ha byrja å vekse i vikingtida, rundt år 800. Haugenloftet er eitt av dei minst ombygde og mest autentiske lofta i landet. Bygningen er freda etter kulturminnelova.

Haugenloftet vart restaurert i 1957-1958 og to gonger på 1990-talet. Hausten 2014 starta ei ny restaurering, no av taket. Hallvard S. Nomeland i Faremo Restaurering stod for arbeidet. Arbeidet fortsatte i 2015, og var ferdig i begynnelsen av november 2016. Kostnadane for den siste restaureringa var omlag 1,9 millionar kroner. Riksantikvaren gav tilskot på 1,7 millionar, Bygland kommune gav eit tilskot på 120.000 kroner, og eigeninnsats frå eigarane Liv Torhild Nordenå Sørlien og Harald Sørlien var berekna til 100.000 kroner.

I artikkelen Tankar i fotspora hans bestefar står det meir om datering av loftet og om eigarane.

Kven som reiste praktbygget i si tid veit ein ikkje. Men konservator Leonhard Jansen ved Setesdalsmuseet sa dette til Fvn.no etter at den siste restaureringa var ferdig i 2016:

SitatVi har ingen gode skriftlige kilder fra 1200-tallet om livet i dalen, men utgravingene på Langeid viser mye større rikdom og velstand enn det man har trodd. Åraksbø ligger åpent på solsiden. Det er grunn til å anta at det var en mektig mann som reiste Haugenloftet.Sitat
– Leonhard Jansen

Segn

Fleire segner er knytta til Haugenloftet. Ei segn er at ein mann skal ha blitt slegen i hel med ein staur like ved. Dei grov han ned oppe i Ånestig. Gjennom fleire generasjonar var området rundt Haugenloftet ein stad folk var redde for å passere når det var mørkt. Om dei kunne, sprang dei forbi det fortaste dei klarte. Det skal ha vore den gamle segna om drapet som gjorde at folk ikkje lika å gå forbi her i mørkret, skriv Reidar Vollen i Bygland gard og ætt.[1]

800-årsjubileum

Det var stor jubileumsfest og feiring av Haugenloftet 800 år (1217-2017) i Åraksbø fredag 1. september 2017 og lørdag 2. september 2017.

Kjelder

Referansar

  1. Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind V, utgjeve av Bygland kommune, 2008, side 490

Sjå også

Eksterne lenker