Reinshornheii

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Reinshornheii
Foto: Per Arvid Åsen (c)

Reinshornheii er det høgaste fjellet i Bygland kommune. Det ligg i Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde og er 1162 meter. Koordinatane er 58° 58' 60 N 7° 16' 0 E.

Toppen ligg lengst nord og vest i Bygland kommune og er lettast å nå om ein går frå Suleskarvegen til Øyuvsbu og så fylgjer Turistforeninga si løype mot Gaukhei turisthytte sørover forbi Øyuvsvatnet, Sandvatnet og Sandvassdalen til Vide lega. Derifrå går ein austover opp til toppen. Reidar Tveito fortel på side 38 i boka si at han brukte 12-13 timar på turen, som var vel 26 km lang fram og attende. [1]

Utsikt frå Reinshornheii[rediger]

På toppen av Reinshornheii tok Reidar Tveito desse utsiktsbileta:

Referansar[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...

Eksterne lenker[rediger]