Evje og Hornnes bygdeboknemnd

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk

Evje og Hornnes bygdeboknemnd står bak utgjevinga av Kultursoge for Evje og Hornnes i to band (1990 og 2003).

Sist på 1980-talet, før første band kom ut, var desse med i nemda: Gunnar Østerhus, Anna Galteland, Alf Georg Kjetså og Bernt Gautestad.

Då band II vart utgjeve i 2003, hadde nemda desse medlemene: Kåre Hodne (leiar), Torgrim Dåsnes, Anna Galteland, Bernt Gautestad, Aud Helene Austegard, Molla Skogsøy Moi og Gerd Bratteli.

Bygdeboknemnda arbeider i dag, i tett samarbeid med Evje og Hornnes kommune, med å få gjeve ut ei gards- og ættesoge for Evje. Tidlegare finst ei slik gards- og ættesoge bare for Hornnes (Hornnes I, Gards- og ættesoge, utgjeve av Hornnes bygdesogenemd, 1969). Engasjerte personar lokalt, politisk og administrativt, har jobba lenge for å få til eit prosjekt som det er mogeleg å gjennomføre. Det har dei no klart. Det er håp om at verket kan vere ferdig nokre få år fram i tid.

Ådne Fardal Klev er frå hausten 2012 tilsatt for å skrive boka. Klev er forfattar og bonde frå Lyngdal. Han har formell utdanning innafor historie og har gitt ut 12 lokalhistoriske bøker, mellom desse to bygdebøker.

Leiarar i nemnda

Kjelder

  • Olav O. Uleberg, Kultursoge for Evje og Hornnes, band I, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 1990, føreordet
  • Olav O. Uleberg og Olav Arne Kleveland, Kultursoge for Evje og Hornnes, band II, utgjeve av Evje og Hornnes bygdeboknemd, 2003, føreordet

Eksterne lenker

Om Ådne Fardal Klev og bygdeboka på kommunen si heimeside