Åraksbø

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Åraksfjorden til høgre, Segberg oppe til venstre, Nordenå i forgrunnen.
Foto: Olav Haugetveit
Åraksbø med kyrkja og Åraksfjorden bak.

Åraksbø er ei grend på austsida av Åraksfjorden i Bygland kommune. Åraksbø ligg 6 km sør for Ose og 15 km nord for kommunesenteret. Fylkesveg 323 går gjennom grenda nede ved Åraksfjorden, med sidevegar frå nord og sør inn til sjølve grenda. Grenda er delt av Hovassåni, elva som kjem frå Hovatn. Sandnes kyrkje ligg i Åraksbø.

Åraksbø fell naturleg i tre delar; Bygda, Gardan og Kleivegrend. Bygda er gardane ned mot fjorden, langs den gamle bygdevegen. Gardan ligg høgare opp i terrenget og austover mot Haugetveit. Kleivegrend ligg på austsida av Hovassåni, i dei bratte kleivane nord for bygda.[1]

I 2011 budde det totalt 82 menneske på Åraksbø og Sandnes.[2]

Koparverket 1845-1850[rediger]

I 1845-1850 var det eit kort og kostbart gruveeventyr i Åraksbø. Konsul Gottlob Ferdinand Reinhardt, ein tyskætta forretningsmann i Kristianand, skipa Det Sæthersdalske Kobberværk, og sette i gang med gruvedrift etter kopar i områda rundt Straumsfjorden i Valle. Smelteverk, med kolhus, rostehus, smeltehytte med to masovnar, teglverk og damanlegg, blei sett opp i Åraksbø. Driftsstyrar var Ferdinand Seippel. Det rådde stor optimisme i starten. Opp mot 100 mann skal ha arbeidd ved verket. Men det synte seg snart at drifta ikkje gjekk slik ein hadde håpa. Transporten frå Straumsfjorden til Åraksbø var lang, strevsam og kostbar. Det var mangel på kapital i selskapet, og det heile gjekk med eit dundrande underskot. I 1850 vart koparverket lagt ned, og industrisoga i Åraksbø var over.

Kart[rediger]

Laster kart...

Referansar[rediger]

  1. Reidar Vollen, Bygland gard og ætt, bind IV, utgjeve av Bygland kommune, 2006, side 225-226
  2. Regneark med data fra Bygland kommunes nettside

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]