Botsvatn
Botsvatn (Bossvatn) er ein om lag 14 kilometer lang innsjø i Bykle kommune i Aust-Agder. Den inste (vestlege) delen av vatnet og gardane der vert kalla Botnen. Namnet på vatnet skal referere seg til dette.[1]
Vatnet er regulert mellom 551 og 491 moh., og er inntaksmagasin for Brokke kraftverk. Frå Botsvatn renn vatnet gjennom ein 31 km lang tunnel til Brokke kraftstasjon i Hylestad i Valle. Ved Botsvatn ligg også Holen kraftverk og Skarg kraftstasjon.
Den første konsesjonen til regulering av Botsvatn kom 22. november 1912, og gav løyve til å demme opp vatnet 2 meter og senke det 8 meter. Utbyggaren valde å gå ned 8 meter, og nytta ikkje løyvet til oppdemming.[2] Då Brokke 1 skulle byggast ut på byrjinga av 1960-talet, blei Botsvatn senka nye 9 meter. Dammen i austre enden av Botsvatn som regulerer vatnet i dag vart bygd i 1974-1976 (Brokke II). 25 gardsbruk og andre plassar vart lagde under vatn.
Galleri
Kjelder
- Johs. Bjørkeli, Bossvatn i Bykle: Minner om ei tid som var - på bunnen av et kraftmagasin, artikkel i God Helg, Fædrelandsvennens lørdagsmagasin, 25. juli 2015
- Om Brokke kraftverk på nettsida til Agder Energi
- Olav Bø, Setesdal – frå utkantbygder til kraftsentrum, Det Norske Samlaget, 1991, side 154-155
Referansar
- ↑ Olav M. Holen, Nordbygdi - slik ho var, 2. utgåve, 2013, side 18
- ↑ Holen, Nordbygdi - slik ho var, side 396