Bykildammen

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Bykil sett frå Huldreheimen. Mykje av dette landskapet ville kome under vatn om Bykildammen hadde blitt ein realitet.

Bykildammen var ein 75 meter høg betongdemning som kraftutbyggarane på 1960-talet ynskte å bygge ved Bykil sør for Bykle kyrkjebygd i Bykle kommune. Dammen ville ha stengt hovuddalføret ved Byklestigen, akkurat der Setesdal er på sitt trongaste, og gitt eit enormt kraftmagasin. Vasstanden ville gått heilt opp til sjølve busetnaden i Kyrkjebygda. Også Botsvatn i vest ville ha blitt ein del av magasinet. 24 gardsbruk med 96 menneske tilknytta ville blitt sett under vatn.

Motstanden mot prosjektet var stor i Bykle. Ordførar Gunnar Å. Tveiten kjempa ein iherdig kamp mot dammen på vegne av byklarane. Til slutt vart planane stansa av regjeringa Borten i 1969. Men sigeren hadde ein bismak. 16 av dei 24 gardsbruka i Nordbygdi ved Botsvatn vart likevel neddemde, då det i staden for dam ved Bykil nokre år seinare vart bygd dam ved Botsvatn.

Kjelder