Bjarne Tveiten

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Bjarne TveitenSymbol unrelated.svg
Bjarne Tveiten 2011.jpg
Født: 19. mars 1942 (77 år)

Bjarne Tveiten (fødd 19. mars 1942) er oppvaksen i Breive i Bykle kommune. Han tok examen artium på Hornnes landsgymnas og deretter lærarutdanning i Kristiansand. Deretter var han lærar i Alstahaug i Nordland i åtte år. I 1974 begynte han som lærar i Bykle og heldt fram der til 2006, då han vart pensjonist. I 1967 gifta han seg med Solfrid Haugen (1944–2019) frå Lurøy i Nordland, og dei fekk borna Bjørg Sissel, Lill-Grethe og Magnus Olav.

Han har vore bokmeldar i Fædrelandsvennen og gjennom åra meldt særleg ungdomsbøker for avisa. Han var initiativtakar til å få etablert Bykle Radio og var redaktør for denne også etter at sendingane frå Bykle var redusert til eit minimum. Gjennnom åra er det blitt ei rekke artiklar i Dag og Tid, Jol i Setesdal, Norsk skoleblad og andre blad og tidsskrift. Han har også halde mange kurs i lokalkunnskap. Då Setesdal sogelag vart skipa i 2013, blei Bjarne vald til den første leiaren i laget.

Saman med Egil Torin Næsheim, Per Breivegen og Bjørnar Mørenskog medverka han til å utvikle det store kartmåleriet som Egil Torin Næsheim måla for Hovden Fjellstoge. Dette arbeidet inspirerte han til å skrive bøkene Underet i Breive, Somby og Eventyrleg som vart illustrert av Egil Torin Næsheim.

Han har representert Bykle SV i Bykle kommunestyre.

Bibliografi[rediger]

Bøker[rediger]

Artiklar[rediger]