Vandringer i Setesdal Austhei 2014

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Johan Christian Frøstrup: Vandringer i Setesdal Austhei 2014

Vandringer i Setesdal Austhei 2014 (ISBN 978-82-91-49557-6) er ei bok på 352 sider i format 21x28 cm. Denne er bygd på tuftene av ei tidlegare bok om Setesdal Austhei som kom ut i 2001 under same namn frå same forlag, men denne nye boka er så mykje meir omfattande og er ei retteleg praktbok. Det er Aust-Agder Turistforening som er utgjevar saman med Friluftsforlaget. Dette forlaget har gjeve ut mange bøker av same slag, ma. Vandringer i Setesdal Vesthei som kom ut i 2008. Redaktør for den nye boka om Setesdal Austhei var også denne gongen Johan Christian Frøstrup. Forfattar og bok vart presentert i Setesdalen LibrisEvje i november 2014, og samstundes omtala i Setesdølen.

Det er i hovudsak løypenettet som Turistforeninga har mellom Dølemo i sør til Bjåen i nord som vert omtala. Her ligg det 14 hytter med sjølvteneste og ventar på turfolk, samt ein gapahuk og eit større telt. Alle hyttene er godt omtalt, likeså løypestrekka imellom. Løyper til og frå hovudløypa er også omtala, noko som er greit for dei som vil gå kortare turar. Kvar løypedel har høgdeprofil. Ein finn også framlegg til mål av interesse langs løypenettet som til dømes Sæbyggjenuten, høgaste toppen i Aust-Agder fylke, 1507 moh.

Dette er ei allsidig bok som også omfattar geologi, vegetasjon og flora, dyrelivet, kulturhistorie og gamle ferdselsvegar, segner og gruvedrift. Også krigshistorie frå andre verdskrigen har fått plass. Ei omfattande bok greit presentert, som ein vil bla i gong etter gong.

Innhald[rediger]

  • Innledning
  • Setesdal Austhei sør
  • Setesdal Austhei nord
  • Glimt fra AAT si historie
  • AAT sine hytter
  • Løypenettet
  • Geologi i Setesdal Austhei
  • Vegetasjon og flora i Setesdal Austhei
  • Dyreliv, jakt, fangst og fiske
  • Reinen i Setesdal Austhei
  • Kulturhistoriske spor i Austheiene
  • Gamle ferdselsveier i heiene
  • Gamle heigårder i Setesdal Austhei
  • Sagn og virkelighet langs Bispevegen
  • Gruvedrift i Setesdal Austhei
  • Milorg og Kompani Linge i Setesdal Austhei
  • Litteraturoversikt

Kjelder[rediger]