Alfred Ryningen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Alfred Ryningen | ||
---|---|---|
Født: | 26. oktober 1950 (74 år) |
Alfred Ryningen (fødd 26. oktober 1950) er konservator på Setesdalsmuseet. Han vaks opp i Bykle og etter utdanning i historie arbeidde han i Valle kommune som bygdesogeskrivar. Han var og konsulent på skulekontoret i kommunen der han arbeidde med barnehagesaker.
På oppdrag for Agder Folkemusikkarkiv har Alfred Ryningen skrive ned 800 stev frå lydbandopptak like tilbake til 50-åra.
I tillegg til arbeidet som historikar er han taksidermist og stoppar ut dyr. Han er gift med Liv Bjørgum Ryningen og bur på Homme i Valle. Dei har barna Åsmund (fødd 1985) og Tone (fødd 1987).
Bibliografi
- Valle kommune I Gards- og ættesoge Hylestad (1985) ISBN 82-991334-0-8
- Valle kommune II Gards- og ættesoge Hylestad (1985) ISBN 82-991334-1-6
- Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle (1987) ISBN 82-991334-2-4
- Valle kommune IV Gards- og ættesoge Valle (1987) ISBN 82-991334-3-2
- Valle kommune V Gards- og ættesoge Valle (1987) ISBN 82-991334-4-0
- Valle kommune VI Gards- og ættesoge Valle (1987) ISBN 82-991334-5-9
- Valle kommune VII, Kultursoge 1 (1994) ISBN 8299133467 (saman med Leonhard Jansen)
- Valle kommune VIII, Kultursoge 2 (1994) ISBN 82-991334-7-5 (saman med Leonhard Jansen)
- Valle kommune IX Registerbind (1994) ISBN 82-991334-8-3
- Valle kommune X Utvandringi til Amerika (2000) ISBN 82-9173-01-8
Kjelder
- Artikkel om Alfred Ryningen på lokalhistoriewiki.no
- Om Ryningen (Bykle gnr 11/4) på lokalhistoriewiki
- Om stevbasen hos setesdolen.no