Grete Faremo
Grete Faremo![]() | ||
---|---|---|
![]() | ||
Grete Faremo i Afghanistan Foto: Dybdal / PRT Meymaneh
| ||
Født: | 16. juni 1955 (70 år) |
Grete Faremo (fødd 16. juni 1955 i Bygland[1]) er ein jurist, forretningskvinne og politikar frå Arbeidarpartiet. Faremo er dotter til stortingsrepresentanten og jernbanetelegrafisten Osmund Faremo (1921-1999) og Tora Aamlid (1921–), og vaks opp på Byglandsfjord. Grete Faremo gifte seg fyrste gong i 1979 med advokat Eivind Haug Kogstad, dei skilde seg i 1985; seinare har ho budd saman med skodespelar Magne Benedikt Lindholm.[2]
Ein av hobbyane hennar er sang og musikk, ho song offentlig med eit skuleband då ho var 12-13 år gamal. Seinare var Grete Faremo medlem i poporkesteret Sharks som spela til dans i distriktet der ho vaks opp. Etter at ho flytte til Oslo var ho med i eit rockeband saman med mellom andre Trond Granlund og «Youngstorgets Bazar», ei kabaretgruppe knytt til arbeidarrørsla. Seinare har ho dessutan opptrede åleine fleire gonger, mellom anna med tekstar og melodiar av Edith Piaf.[3]
Utdanning og yrkeskarriere
I 1973 tok ho examen artium, og i 1978 blei Faremo cand.jur. med folkerett som spesialområde. Hennar tidlege karriere omfattar stillingar som mellom anna juridisk saksbehandlar og seinare byråsjef i Direktoratet for utviklingshjelp (NORAD), forhandlingsleiar i Aker Eiendom AS og direktør for Norsk Arbeiderpresse i åra 1990–'97. I seks år var ho konserndirektør i forsikringsselskapet Storebrand, og i åra 2003–'07 direktør for jus og samfunnskontakt for Microsoft i Vest-Europa. Grete Faremo har no og tidlegare innehatt ei lang rekkje ulike styreverv i næringsliv og ulike organisasjonar og utval som til dømes Den Norske Helsingforskomiteén og Pressens faglige utvalg. Frå sommaren 2014 til våren 2022 var ho leiar for FN sitt kontor for prosjekttenester, UNOPS, med tittel undergeneralsekretær. Der hadde ho 6000 tilsette i 80 land til å gjennomføre prosjekt for folk som lid naud.
Regjering og Storting
Faremo var stortingsrepresentant for Arbeidarpartiet i åra 1993 til 1997, og i åra 1990–'96 var ho statsråd for arbeiderpartiregjeringane. Ho måtte ta konsekvensane av avsløringar kring det at politiet skulle ha overvåka SV-politikaren Berge Furre, og trakk seg som statsråd i Statsråd i Justis- og politidepartementet i 1996. I perioden 1997 – 2009 deltok ho ikkje aktivt i politikk.
- november 1990 – september 1992: Statsråd i Utenriksdepartementet (for bistandssaker)
- september 1992 – oktober 1996: Statsråd i Justis- og politidepartementet
- oktober 1996 – desember 1996: Statsråd i Nærings- og energidepartementet (for energisaker)
- oktober 2009 – november 2011: Statsråd i Forsvarsdepartementet
- januar 2011 – mars 2011: Fungerende statsråd i Justis- og politidepartementet
- november 2011 – desember 2011: Statsråd i Justis- og politidepartementet
- januar 2012 – oktober 2013: Statsråd i Justis- og beredskapsdepartementet
Kjelder
- Bokmål- og riksmålswikipediaen sin artikkel om Faremo
- Norsk biografisk leksikon (NBL) om Grete Faremo
- Nynorskwikipediaen sin artikkel om Faremo
- Regjeringa.no sin artikkel om Grete Faremo
- Sigurd Haugsgjerd: -Får hjelpe folk som lid naud. Artikkel i Setesdølen nr. 36, 2014 side 16