Gunnar Stubseid

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Gunnar StubseidSymbol unrelated.svg
Gunnar Stubseid.jpg
Født: 23. januar 1948 (71 år)

Gunnar Stubseid (fødd 23. januar 1948 på Austad i Bygland) er ein norsk folkemusikar og lærar. Han var rektor ved Ole Bull-akademiet på Voss 2002-2012[1]. Han bur på Helle i Hylestad i Valle kommune.

Biografi[rediger]

Lærarutdanninga si fekk han ved Bergen lærerhøgskole og sidan har han teke magistergraden i etnologi på Universitetet i Bergen på avhandlingen Frå spelemannslære til akademi. Den kom ut som bok i 1992.

Han har vore leiar for folkemusikk-samlinga ved Etno-folkloristisk institutt (1976), han var redaktør for Spelemannsbladet i ti år (1978-1988) og leiar i Norsk Folkemusikklag frå 1998 til 2001. Han var leiar for Ose Kulturverkstad og før han vart rektor på Ole Bull-akademiet, var han undervisningsleiar der frå 1998. Eitt år var han også redaktør av Setesdølen[2]

Han er utøvande spelemann på hardingfele og har gjeve mange konsertar i Norge og utlandet. I september 2009 var han vekas P2-artist.[3]

Gunnar Stubseid har gjeve ut mange bøker og medverka på mange plater, fire plater vart nominerte til Spellemannsprisen, Slinkombas, som han gav ut saman med Kirsten Bråten Berg, Hallvard T. Bjørgum og Tellef Kvifte fekk prisen i 1979.

Utgjevingar[rediger]

I Bibsys er han oppført med 229 utgjevingar. Det inkluderer både bøker og spor på plater som han har vore med på.

Bøker[rediger]

Eit utval

Plater[rediger]

Litteratur[rediger]

Referansar[rediger]

  1. Artikkelen om Ole Bull-akademiet på Wikipedia
  2. Opplyst i samtale mellom Gunnar Stubseid og Ørnulf Hasla i Valle Radio 26. september 2018
  3. Gunnar Stubseid på NRK P2. Artikkel i Setesdølen nr. 72, 2009 side 3

Eksterne lenker[rediger]