Skilnad mellom versjonar av «Valle kommune»
(→Politikk: Lars Tarald Myrum frå 2023) |
sIngen redigeringsforklaring |
||
Line 65: | Line 65: | ||
===Setesdal i nasjonal kultur=== | ===Setesdal i nasjonal kultur=== | ||
Som eit resultat av [[nasjonalromantikken]] kom mange kunstnarar til å kaste blikket sitt mot Valle og Setesdal og la seg inspirere til ny kunstnerisk produksjon. Dette gjaldt bl.a. målaren [[Carl Sundt-Hansen]] og diktaren [[Hans Henrik Holm]]. | Som eit resultat av [[nasjonalromantikken]] kom mange kunstnarar til å kaste blikket sitt mot Valle og Setesdal og la seg inspirere til ny kunstnerisk produksjon. Dette gjaldt bl.a. målaren [[Carl Sundt-Hansen]] og diktaren [[Hans Henrik Holm]]. | ||
[[Fil:Valle, skoleområdet og tusenårsmonumentet | [[Fil:Valle, skoleområdet og tusenårsmonumentet.JPG|200px||thumb|Skoleområdet med tusenårsmonumentet. {{byline|Siri Johannessen}}]] | ||
[[fil: 2023-10-31 Valle, Munnharpa, RV9.jpg|200px|thumb|Munnharpa på plass i rundkøyringa på RV 9.{{byline|Siri Johannessen|31. oktober 2023}}]] | |||
===Tusenårsstad=== | ===Tusenårsstad=== | ||
Kommunens [[tusenårsstad]] er skuleområdet; Valle vgs, Valle skule, barnehagen og idrettshallen. | Kommunens [[tusenårsstad]] er skuleområdet; Valle vgs, Valle skule, barnehagen og idrettshallen. Verdas største [[munnharpe]] er kommunen sitt tusenårsmonument, den vart flutt til rundkøyringa inn til Valle sentrum i 2023. | ||
Verdas største [[munnharpe]] er kommunen sitt tusenårsmonument. | |||
==Politikk== | ==Politikk== |
Versjonen frå 17. april 2024 kl. 17:12
Valle er ein innlandskommune i Agder fylke. Valle ligg i Setesdal, og grensene i dalen går i sør mot Bygland kommune og i nord mot Bykle. I nord og aust ligg telemarkskommunane Tokke og Fyresdal, i vest ligg Sirdal i Vest-Agder. Grensene mot Telemark og Vest-Agder går i høgfjellet. Samla areal er om lag 1290 km2. Av dette er 0,7% jordbruksareal i drift, 9,2% skogsareal, 5,1% vatn og 84,7% heieareal. Lengda på kommunen etter Riksveg 9 er 40 km.[1] Talet på innbyggjarar er 1205 (1. januar 2024).[2]
Noverande kommune vart til 1. januar 1962 ved at dei to små kommunane Valle og Hylestad vart slegne saman. Valle kommune har vore med i Setesdal Regionråd frå regionrådet vart starta.
Geografi
Setesdal med elva Otra og riksvei 9 dannar ein akse i retning nord-sør gjennom Valle kommune. Langs denne aksen ligg den eldre busetnaden og dei to sentrene Valle og Rysstad.
På begge sider av dalen ligg store fjellvidder, Setesdal Vesthei og Setesdal Austhei. Den vestlege delen av kommunen er ein del av Setesdal Vesthei - Ryfylkeheiane Landskapsvernområde. Europas sørlegaste villreinstamme held til der.
Busetnad
Det er to sentrer i kommunen, Valle og Rysstad. Kommuneadministrasjonen ligg i Valle. Både Valle og Rysstad har butikkar og kyrkje, og på Rysstad ligg sentralbygget til Setesdalsmuseet. Lenge hadde korkjs Valle sentrum eller Rysstad folk nok til å vere ein tettstad etter SSB's formelle krav til ein tettstad; etter SSBs lister var det pr. 2006 ingen tettstader i Valle kommune. Etter 2006 gjekk folketalet i Valle sentrum noko opp, slik at Valle blei rekna som tettstad med 289 innbyggarar i statistikken for 2016.[3] I statistikken for 2019 er Valle sentrum falle ut av lista igjen.
Grender og gardar
Frå sør mot nord i den gamle Hylestad kommune ligg Besteland, Helle, Rysstad, Nomeland, Brokke og Uppstad på vestsida av elva og Straume, Bjørgum og Hovet på austsida. I Valle er Sandnes, Kveste, Tveiten, Valle, Tveitebø, Homme, Flateland og Rygnestad på austsida av elva, mens Bø, Åmli, Nomeland, Øyne, Dale, Løyland og Røysland ligg på vestsida.
I kommunen er det to større hytteområder. Det eine ligg ved Store Bjørnevatn på austsida av dalføret, ved Fylkesveg 45 på vegen mot Dalen. Det andre ligg ved Furestøyl på vestsida av dalføret, i området Setesdal Vesthei, ved vegen til Sirdal.
Næringsliv[4]
Det er rundt 1 460 registrerte fritidsbustadar i Valle.[5] Den største konsentrasjonen av hytter er i Brokke. I Bjørnevatn-området er det også mange fritidsbustadar.
Kommunal tenesteyting er den største aktiviteten, med 36%. Bygg og anlegg er den nest største (17%), og har store bedrifter som sysselset mange. Andre hovudnæringar er bygg og anleggsverksemder. Handelsnæringa utg jer 10% målt i tal på sysselsette. Ei analyse frå Butikkutvikling Sør syner at Valle kommune har ei omsetning på om lag 120 millionar kroner i året. Av dette er matvarer om lag 46 millionar (tal frå 2012).
Sysselsette innan kraftsektoren utgjer 6%. Landbruket er, og har alltid vore, ei viktig næring i Valle. Ho utgjer 6%.
Valle har sterke kunst- og handverkstradisjonar, til dømes sylvsmedtradisjonen, som nådde sitt høgdepunkt på 1970-talet. I dag har talet på sylvsmedverksemder vorte redusert, men er likevel viktig for identiteten til valldølane.
Lokaliseringa midt i Setesdal er gunstig for reiselivsnæringa, med reiseruter frå kontinentet til fjordane på Vestlandet og til sambandet aust-vest over Suleskarvegen om sommaren.
Vannkraft
Vannkraft er ei viktig inntektskjelde for kommunene Valle og Bykle. Utbygginga av kraftverk i Valle starta på 1960-talet. Otra Kraft, som held til ved Brokke kraftverk på Nomeland, driv fleire kraftstasjoner i Setesdal. Det første kraftverket småkraftverkselskapet Småkraft bygde, var Bjørgum kraftverk.
Kultur
Valle kommune er ein aktiv kulturkommune og sist på 1990-talet kom kommunen på andreplass i ei kåring av kulturkommunane i landet, bare etter Larvik. Frå midt på 1990-talet har kommunen delt ut Valle kommune sin kulturpris. 12. desember 2019 blei setesdalstradisjonen, med dans, spel, kveding og stevjing, teken opp på UNESCO si representative liste over verdas immaterielle kulturarv. Denne delen av setesdalskulturen er det første norske elementet på denne UNESCO-lista.
Dei siste åra har ein kvar haust arrangert Kulturveka i Valle i eit samarbeid mellom Valle kommune og Folkeakademiet Valle. Den startar som regel i samband med Sauesjået i Valle og har eit variert tilbod av kulturaktivitetar.
Dialekt
Valle er kjerneområde for setesdalsdialekten.
Sjå også
Folkedrakt
Drakttradisjonen knytta til Setesdal har også sitt kjerneområde i Valle kommune. Setesdalsdrakta er ein tradisjon som har gått direkte fra folkedrakt til bunad, og det betyr at det finnast god dokumentasjon av denne draktskikken.
Folkemusikk
Stev og kveding har tradisjonar i Valle, og i nyare tid er desse ført vidare av Kirsten Bråten Berg med fleire.
Munnharpe er et viktig instrument i tradisjonen fra Valle, som har svært dyktige utøvarar i Bjørgulv Straume og Sigurd Brokke. Felespeltradisjonene vert ført vidare, mellom anna av Gunnar Stubseid og Hallvard T. Bjørgum.
Sølvsmedhandverk
Sølvsmedhandverket har spesielle tradisjonar i Valle, og kommunens videregående skole har lenge vore den eineste skulen i landet med eigen sølvsmedline.
Kulturminne
Valle er rik på faste kulturminne, både arkeologiske kulturminne og bygningar. Her er gravhaugar frå jernalder og vikingtid og gardsbebyggelse frå mellomalderen til vår eiga tid. Rygnestadtunet er eit freda gardstun der dei eldste delane av våningshuset har tømmer frå 1200-talet og Rygnestadloftet frå 1590 utmerkar seg som bygning. Anlegget er ein del av Setesdalsmuseet. og eit mykje besøkt turistmål om sommaren.Fleire andre gardar har svært gamle hus, men mange bygningar er også seld ut av dalen til oppkjøparar. Bygningar frå Valle er også å finne på Folkemuseet i Oslo.
Når det gjelder lause kulturminne frå bondekulturen er Valle (og Setesdal) godt representert i nasjonale samlingar, til dømes på Norsk Folkemuseum.
Setesdal i nasjonal kultur
Som eit resultat av nasjonalromantikken kom mange kunstnarar til å kaste blikket sitt mot Valle og Setesdal og la seg inspirere til ny kunstnerisk produksjon. Dette gjaldt bl.a. målaren Carl Sundt-Hansen og diktaren Hans Henrik Holm.
Tusenårsstad
Kommunens tusenårsstad er skuleområdet; Valle vgs, Valle skule, barnehagen og idrettshallen. Verdas største munnharpe er kommunen sitt tusenårsmonument, den vart flutt til rundkøyringa inn til Valle sentrum i 2023.
Politikk
- Hovedartikkel: Politikk i Valle kommune
Valle kommune har i lange periodar hatt ordførar frå Senterpartiet. Ved valet i 2007 gjorde Valle Høgre eit godt val og fekk både ordførar og varaordførar. Bjørgulv Sverdrup Lund var ordførar, Sigbjørg Næss var varaordførar i perioden 2007 til 2011. Ved kommunevalet hausten 2023 blei Lars Tarald Myrum vald til ordførar.
Val i 2011
- Ap-lista i Valle 2011
- Høgrelista i Valle 2011
- KrF-lista i Valle 2011
- SP-lista i Valle 2011
- Venstrelista i Valle 2011
Kyrkjer og bedehus
- Frikyrkja i Valle sentrumFoto: Siri Johannessen
- Menighetshuset i Valle sentrumFoto: Siri Johannessen
- Nomeland bedehusFoto: Siri Johannessen
Historie
Eldre steinalder
Noreg var dekka av is fram til for om lag 14 000 år sidan. Då kom fjella ved Lista og Lindesnes til syne. Kysten av Aust-Agder og Telemark var dekka av is til for rundt 11 000 år sidan. [6] Dei første menneska byrja å vandre i Setesdalsheiene for om lag 9000 år sidan. Då låg det truleg endå att ein omlag 100 meter tjukk isbre nede i dalbotnen.[7] Jakt og fangst var dei viktigaste gjeremåla. Særleg gav reinen med faste, årlege trekkruter ei sikring av tilværet. Frå Setesdalsheiene er det registrert buplasser frå steinalderen som er over 7000 år gamle. Desse menneska var nok ikkje bufaste, men veidefolk på vandring[8].
Yngre steinalder
I yngre steinalder (3500-1800 f.Kr.) nådde jordbrukskulturen Setesdal[9]. På heia, ved Straumsfjorden, er det gjort arkeologiske undersøkingar som syner at det gjekk husdyr og beitte der 2600 år f. Kr. Også nede i bygda har det ganske sikkert vore folk for rundt 4500 år sidan.[10] Så langt tilbake blei jordbruket truleg drive på nomadisk vis, med svedjebruk. Steinaldermenneska brant skogen, dyrka korn i 2-3 år, og flytta så til ein ny stad. Husdyra blei flytta frå beite til beite.
Bronsealder
Omfattande arkeologiske utgravingar på Moi i Bygland (2007) har dokumentert kontinuerlig busetnad i Setesdal heilt tilbake til yngre bronsealder (1100-500 f.Kr.)[11]. I Spor i Setesdalsjord skriv Leonhard Jansen at fast busetnad etter alt å døme kom først nede i dalføret, på dei store flatene i Bygland og Valle som ligg 200-300 moh. Her var den beste jordbruksjorda. Alt på denne tida var jorda altså broten opp, og dei første husa reist nede i dalbotnen.[12]
Eldre jernalder - den kjende gardshistoria
Mange av dei eldste gardane - «opphavsgardane» - har namn og funn som tilseier at dei blei rydda eitt av dei første hundreåra etter at vår tidsrekning tok til.[13] Først måtte det skje ei grensetrekking mot grannedalane Sirdal og Fyresdal, der det òg budde folk. Desse grensene, «langstrengane», er sette saman av mange kortare strengar som går frå fjell til fjell. Dei følger i hovudsak vass-skilet. Etter kvart som det kom fleire bønder i same dalføret, måtte eigedomane fordelast endå meir. Då kom det kortare strengar som gjekk på tvers av dei gamle langstrengane. Om desse grensene på tvers i Valle gjekk over heile dalføret er ikke sikkert stadfesta. Men det er ikke umogeleg, skriv Leonhard Jansen, at heile Hylestad ein gong kan ha vore ein slik kjempegard.[14]
Ein stad måtte busejinga begynne. Utgangspunktet kan ha vore det som i dag vert rekna som grender, til dømes Oveinang, Homme, Tveitebø, Nordibø, Vaddebø, Strondi, Ivenat (Bygdi), Gardan og Treungen. I kultursoga for Valle meiner forfattarane Jansen/Ryningen at det har vore to opphavsgardar på vestsida av Otra. Den eine er alle gardane i Hylestad frå Uppstad til Besteland. Den andre er gardane i Valle sokn frå Bø til Røysland. På austsida av elva er biletet noko meir uklart. Men gardane frå Oveinang til og med Tveitebø må ha hatt same opphav. Frå Jordet i nord til Straume/Røysland i sør har det vore ein eller to opphavsgardar.[15]
Seinare
Ferdslevegane gjekk tidlegare mykje over fjellet, austover til Skagerrak gjennom Åmli, og vestover til Ryfylke. Skinnevegen vestetter til Lyse er godt kjend, og var kanskje den viktigaste av dei gamle vegane.[16] Bispevegen var viktigaste vegen austover, og gjekk frå Tveitebø over heia gjennom Finndalen til Kleivgrend i Fyresdal.[17] Men i 1844 kom endeleg Postvegen (Den Sætherdalske hovedvei) fram til Valle.[18] Dette var den første ordentlege køyrevegen frå Kristiansand og oppover i Setesdal. Den nye hovudvegen fekk enorm innverknad på samfunnsutviklinga i Setesdal. Det blei no mykje enklare og raskare å reise til Kristiansand, og varer kunne fraktast langs landevegen i staden for å måtte kløvjast på hesteryggen. Den gamle, tradisjonelle tilknytninga til Nedenes amt og Arendal blei for ein stor del broten.
Kjende personar med tilknytning til Valle
Personar frå Valle vert ofte kalla valldølar, personar frå Hylestad vert ofte kalla hylstringar.
- Kirsten Bråten Berg, sølvsmed og folkemusikar
- Hallvard T. Bjørgum, sølvsmed og spelemann
- Olav Bjørgum, billedkunstnar
- Torleiv H. Bjørgum, sølvsmed og spelemann
- Sigurd Brokke, munnharpespelemann
- Kjetil A. Brottveit, forfattar
- Osmund Faremo, politikar og stortingsmann
- Paal-Helge Haugen, forfattar
- Haavard Hedde, folkevisefigur
- Birgit Rike Lund, folkemusikar
- Tarald Myrum, politikar
- Torbjørg Aamlid Paus, folkemusikar
- Gunnar T. Rysstad, politikar og diktar
- Aani Rysstad, politiker og stortingsmann
- August Schneider, kunstmålar, illustratør og folkeminnesamlar
- Johannes Skar, lærar og folkeminnesamlar
- Bjørgulv Straume, munnharpespelemann
- Gunnar Stubseid, spelemann
- Olav Knutsson Tveiten, Eidsvollsmann
- Harald Haugland, wikifant
- Steinar Kyrvestad, politikar
- Margit Dale, mediakjendis, bloggar, forfattar
- Lars Tarald Myrum, politikar
Referansar
- ↑ Høyringsutkast til Kommuneplan 2015-2027, samfunnsdelen, høyringsutgåve dagsett 27. mai 2015
- ↑ Statistisk Sentralbyrå, kommunefakta Valle, pr. 4. kvartal 2023
- ↑ SSB sin statistikk over tettsteder og folkemengde per 1. januar 2016
- ↑ Opplysningane i avsnittet er i hovudsak henta frå Kommuneplanen 2016–2028, samfunnsdelen, pkt. 4.4.
- ↑ Fædrelandsvennen sitt Påskemagasin, april 2022, side 15
- ↑ Harald Flå (red.), Vandringer i Setesdal Vesthei, Friluftsforlaget 2008, s. 130
- ↑ Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, s. 15
- ↑ Leonhard Jansen, Dei første setesdølar, artikkel i Spor i Setesdalsjord, utgjeve av Aust-Agder fylkeskommune og Setesdalsmuseet, 2014, s. 25
- ↑ Spor i Setesdalsjord, s. 26
- ↑ Valle kommune VII, Kultursoge 1, s. 24
- ↑ Spor i Setesdalsjord, s.7
- ↑ Spor i Setesdalsjord, side 131
- ↑ Spor i Setesdalsjord, s. 26-27
- ↑ Spor i Setesdalsjord, s. 28
- ↑ Valle kommune VII, Kultursoge 1, s. 33-34
- ↑ Valle kommune VIII. Kultursoge 2, s. 288
- ↑ Valle kommune VII, Kultursoge 1, s. 50-51
- ↑ Knut K. Homme, 1844 - eit tidsbilete, artikkel i Setesdal og setesdølar 2015, utgjeve av Setesdal sogelag, s. 47-51