Sirdal

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Sirdal er ein kommune i Vest-Agder som grensar til Bygland i vest og Valle i nord. Kommunen hadde 1 836 innbyggarar pr. 1. januar 2017. Flatemålet er 1 547 kvadratkilometer. Kommunesenteret er Tonstad. Sinnes i Øvre Sirdal er eit turistsenter.

Historie[rediger]

Før 1838 gjkk grensa mellom Stavanger amt og Lister amt i elva Sira som deler Sirdal i to. Området på vestsida av Sira høyrde til Lund skipreide i Stavanger amt, medan austsida låg i Feda skipreide i Lister amt. Frå 1838 blei vestsida av Bakke sokn ført over til Lister amt. Soknet vart etter kvart delt i tre herad: Øvre Sirdal, Tonstad og Bakke. Kommunen Sirdal blei oppretta i 1848, da han vart skild ut frå Bakke formannskapsdistrikt. I 1905 blei kommunen delt mellom Tonstad kommune og Øvre Sirdal kommune. I 1960 vart Tonstad, Øvre Sirdal samt Haughom-grenda frå Bakke kommune slegne saman til Sirdal kommune. Kommunen blei i 1987 utvida med Espetveit og Viraksgrenda, som tidlegare høyrde til Flekkefjord kommune.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]