Valle kulturkommune

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Valle kulturkommune er eit omgrep som viser tilbake til ein periode då kommunen var svært aktiv på kulturfronten. Det starta på slutten av 1980-talet. Det var vanlege kulturprogram, kunstutstillingar, Gjesting frå utlandet: musikk, kor og orkester, vanlegvis fast kvar sommar.

Kultursommar i Setesdal var samletittel på mange tema:

  1. Flygeblad på 4 språk om kva kulturtilbod det var i dalen dag for dag, time for time. Det vart oppdatert 3 - 4 gonger om somrane og spreidde utover dalen på turistkontor, campingplassar, hotell osb.
  2. Folketonefestivalen var fast kvar sommar nokre år.
  3. Litteraturdagane i Setesdal var svært populære, og drog til seg litterært interesserte menneske frå inn- og utland. Foredraga vart utgjevne i bokform etter kvart seminar unnateke eitt.
  4. Sørlandsutstillinga fekk vi to gonger til Valle kommune, siste gongen med juryering og vernissage. Det var fyrste gongen utstillinga vart vist utanom byane.
  5. Storstilte kunstutstillingar, ein gong med religiøs kunst i Soknehuset sine to høgder og med salmekurs med sjølvaste Svein Ellingsen som lærar!
  6. Valle musikkskule, seinare kulturskule hadde vind i segla med dyktige lærarar og instruktørar. Vi hadde ei stund over 700 elevar, dvs. annankvar innbyggjar var elev.
  7. Mange store oppsetjingar, revyar, songspel/musikalar vart framførde i lokalsamfunnet og i grannekommunane.
  8. Folkemusikk og -dans var in, gjennom spelemannslaget, musikkskulen, folkeakademiet eller andre lag og organisasjonar.
  9. Bygdekinoen kom regelmessig.
  10. Det same galdt Rikskonsertane og
  11. Riksteatret.
  12. Sport og idrott var utbereidde syslar både sommar og vinter.
  13. Kulturmønstringe etter skuleslutt på Valle skule vart flutt til rundt olsok og
  14. Tveitestemna var årviss med mykje underhaldning og kulturinnslag.
  15. Valle kommunes kulturpris vart utdelt på Tveitestemna annankvart år.
  16. Valleutstillinga i Tveitetunet med mykje kunst og handverk var open frå omlag jonsok til skulane tok til att. Det var mykje turistar og bygdefolk innom om somrane for å sjå på kunst eller sjå demonstrasjon av gamle handverksteknikkar, folkedans og folkeviseleik, kjøpe seg tradisjonsmat og/eller kose seg på den gamle lensmannsgarden etter eidsvollsmannen Olav Knutsson Tveiten. Garden høyrer no til Setesdalsmuseet.
  17. Det vart utnemnt kommunar til fylkeskulturkommune, og dei ulike kommunane i fylket måtte sende grunngjevne framlegg til ei nemnd på fylket som skulle stå for utdelinga av evt. heider. Valle kommune vart årets fylkeskulturkommune i 1992. Det synlege provet var eit bronserelieff av Arne Vinje Gunnerud og eit diplom. Representantar frå fylket kom og overrekte merksemda i ei festsamkome i høve utmerkinga.
  18. Dei ulike fylkeskulturkommunane vart då kandidatar til Årets kulturkommune for heile landet. Valle vart då representant for Aust-Agder, og kulturkonsulent Ånund K. Homme stilte opp i setesdalsbunad på Hotel Continental i Oslo, der Gunnar Berge delte ut 1992-prisen til Larvik kommune. Valle og Volda fekk delt 2.-plass og diplom som prov.