Knut K. Homme

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Knut K. HommeSymbol unrelated.svg
Knut K Homme.JPG
Født: 8. desember 1938 (80 år)

Knut K. Homme (fødd 1938) er ein pensjonert bonde og lærar i Valle. Han er gift med Lisbeth Dalquist Homme og far til Gyro Knutsdotter Homme.

Utdanning[rediger]

Etter framhaldsskule i Valle gjekk han teoretisk line på Agder folkehøgskule i Søgne. Så tok han landbruksutdanning, først på Bygland landbruksskule, deretter på Aust-Agder landbruksskule på Holt. Han fekk og med seg Norsk Kunsthandverksskule på Voss før han tok realskule og gymnas på Bjørknes Privatskole i Oslo. Etter førebuande prøve i filosofi tok han så tysk grunnfag på Universitetet i Oslo før han fekk lærarutdanninga si på Sagene lærarskule i Oslo.

Arbeid[rediger]

Under kraftutbygginga i Valle var han kontormann hos Ingeniør Thor Furuholmen A/S frå 1961. Sidan heldt han fram med tilsvarande jobb i Sirdal til 1967. I 1975 kom han tilbake til Valle som bonde og lærar, han var både i barneskulen, ungdomsskulen og vidaregåande skule før han vart bonde på heiltid. Han har og drive registreringsarbeid for Setesdalsmuseet og arbeidd med restaurering av gamle, lafta bygningar.

Verv[rediger]

Knut K. Homme var leiar i Valle kulturstyre frå 1975 til 1979. Vervet som leiar i bygdesogenemnda hadde han frå 1976 til 1994. Han var ein av tre personar i redaksjonen for utvandrarsoga, som var ein del av Valle Bygdesoge. Han var med og skipa Valle sogelag og var leiar der i mange år. Han har og vore styremedlem i Agder Historielag og leiar, styremedlem i Setesdal Husflidssentral og medlem av forstanderskapet til Valle Sparebank.

Han har og synt eit sterkt engasjement for målsaka som leiar og styremedlem i Valle Mållag, og i to periodar var han med i skriftstyret for Jol i Setesdal. I ungdomen var han meldar frå Valle for Agder Tidend. Han har og vore styremedlem i Aust-Agder mållag. Valle mållag starta stadnamninnsamling, og dette var han sterkt engasjert i. Då laget starta vallemal.no, vart dette eit nytt område som han kunne yte ein sterk innsats i. I tillegg til dei faste møta i nemda som arbeider med dette kvar onsdag, er han aktiv i førebuingane til desse møta.

Bibliografi[rediger]

I tillegg til å vere med i skriftnemnda for Kyrkja på Vaddarhaugen 1844-1994 og i skriftstyret for Jol i Setesdal, der han og har skrive fleire artiklar, har han skrive desse to bøkene:

  • Hundre år i teneste for bygdi. L/L Valle Handelssamlag 1911 - 2011 ISBN 9788230317495
  • Tankefuglar. Diktsamling. Setesdalsforlaget 2012 ISBN 978-82-92441-80-0 (Ikkje i ope sal.)

Knut er også ein av omforteljarane i Eventyr frå Setesdal (2017), attforteljinga av Johannes Skar sine eventyr i Gamalt or Sætesdal på meir moderne nynorsk.

Kjelder[rediger]