Dale (Valle gnr. 27)

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Dale er ein gard (gnr. 27) på vestsida (sørsida) av Otra, i Oveinang, nord i Valle kommune. Garden ligg på ein stad der Otra gjer ein sving og renn mot aust eit lite stykke. Nabogardar i aust og sør er Nomeland, Åmli og Berg. I nord-vest er det Løyland som støytar til. I nord renn Otra. Mellom Dale og Løyland går Kallefossbruene over Otra, og knyt gardane til Riksveg 9. Fylkesveg 330 går gjennom Dale og sørover til Nomeland.

Bruka på garden[rediger]

Historie[rediger]

«Etter namnet å døme kan garden vere mykje gamal, og det er nok rimeleg å at han kan ha vore rudd iallfall før år 1000», skriv Alfred Ryningen i gards- og ættesoga for Valle. Det er gjort fleire arkeologiske funn på garden. Desse skal vere gravfunn frå vikingtida.

Dale hadde kvernhus i Kvinnebekken i Dalsli, og det høyrde fleire støylar til garden. Det var Dåstøyl, Øyan og Rossåsen. Åtte dagar etter jonsor reiste folka til støylane. Så kom dei til gards att rundt 20. august. Slåtter var det både rundt Dåstøyl og lenger nord rundt Øyan og Rossåsen. I Kallefoss var det ei sag.

Den første mannen ein kjenner til frå garden i dei skriftlege kjeldene er Bjørn Såvesson. I 1497 skal han ha seld delar av garden til ein Pål Øyulvsson.

Kjelder[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...