Talemålet i Valle og Hylestad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Talemålet i Valle og Hylestad er ei nettside - vallemal.no - som Valle Mållag eig og driv som eit dugnadsprosjekt. Formålet med sida er å presentere dialektord og uttrykk frå Valle og Hylestad.

SitatDu veit, det er kanskje eit av verdas mest særmerkte språklege område me ynskjer å bevare for framtidaSitat
– Sigurd Brokke

Leiargruppa[rediger]

Sigurd Brokke er sentral i prosjektet.

Sigurd Brokke (f. 1971), Knut K. Homme (f. 1938) og Olav T. Åkre (f. 1941) utgjer leiargruppa i prosjektet pr. desember 2017. Svein Jore var med i leiargruppa fram til han døydde 9. desember 2006.

I tillegg har Bjørgulv Holen heile tida vore ein svært aktiv og dyktig medspelar i mest alle sider av prosjektet. Han har mellom anna konstruert det spesialutvikla dataprogrammet som blir brukt.

Talemålsgruppa[rediger]

I talemålsgruppa sit pr. desember 2017 Knut K. Homme, Olav T. Åkre, Gunhild Espetveit (f. 1944), Jon Kjelleberg (f. 1945), Sissel Rygnestad (f. 1947), Anne B. Homme (f. 1949), Ingebjørg Helle Nesheim (f. 1953) og Sigurd Brokke.

Tidlegare medlemer: Torleiv T. Harstad (1918-2009), Tarald D. Homme (1922-2009), Kjetil Brottveit (1924-2009), Ånund G. Helle (1924-2010), Olav J. Rysstad (1927-2013), Ingebjørg Vegestog Homme (1930-2016), Olav J. Haugeland (1935-2007), Liv Helga Brokke (f. 1950), Svein Jore (1953-2006), Niklos K. Besteland (f. 1953), Eli Føreland (f. 1956) og Torbjørg Harstad (f. 1956).

Historie[rediger]

Valle Mållag starta talemålsprosjektet sitt hausten 2002. Internettsida vallemal.no blei offisielt opna 13. oktober 2005. 17. mai 2011 fekk Valle Mållag Valle kommune sin kulturpris for innsatsen innan dialektarbeid.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]