Valle kommune sin kulturpris

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Valle kommune sin kulturpris skal stimulere kulturlivet i kommunen og gje honnør for ein spesiell innsats innanfor kulturfeltet. Prisen vart oppretta i 1991 og vert delt ut annankvart år. Den kan delast ut til personar, lag eller organisasjonar som har tilknytning til Valle kommune. Den kan og delast om to eller fleire kandidatar vert funne likeverdige. Kommunen bed om forslag på kandidatar, og desse blir handsama politisk før prisen vert delt ut. Mange gonger har tildelinga skjedd på Tveitestemna som vert halden på Tveitetunet ved olsoktid. Men frå 2011 skal prisen delast ut på folkefesten 17. mai 2011 om kvelden.

Reglar[rediger]

I møtet 12. januar 2011 vedtok Valle formannskap desse reglane for kulturprisen:

  1. Valle kommune sin kulturpris er på kr 10 000. Med prisen følgjer eit minnediplom.
  2. Prisen kan delast ut kvart 2. år. Prisen kan delast ut til enkeltpersonar og organisasjonar/lag som har tilknyting til Valle kommune. Dersom to eller fleire kandidatar blir funne likeverdige kan prisen delast mellom desse.
  3. Kulturprisen skal stimulere kulturlivet i kommunen og gi honnør for ein spesiell innsats innafor kulturfeltet.
  4. Einskildpersonar, lag og organisasjonar kan sende framlegg om prisvinnar til Valle kommune. Tidsfrist for innsending av forslag til prisvinnar er 15. mars. Dette blir kunngjort i pressa i god tid.
  5. Det er formannskapet som utnemner vinnaren og som er ansvarleg for utdeling av prisen.

Liste over vinnarar[rediger]

Kjelde[rediger]

Referansar[rediger]