Skinnevegen
Hopp til navigering
Hopp til søk
Skinnevegen var ein ferdsleveg over fjellet vestover frå Valle til Lysefjorden i Rogaland i eldre tider. Han er både den eldste og viktigaste av vegane over heia.[1] Setesdølane høyrde frå gamalt av til Stavanger bispesete. Frå 1200-talet måtte dei såleis til Stavanger for å betale tiende. Ho vart gjort opp med huder og skinn. Så vart vegen dei for med skinna heitande Skinnevegen. Ordninga heldt fram til 1537, så lenge Setesdal administrativt var knytta til Vestlandet.
Litteratur
- Harald Flå (red.), Vandringer i Setesdal Vesthei, Friluftsforlaget, 2008, side 223-224
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 49-50
Referansar
- ↑ Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, s. 49-50