Setesdal vidaregåande skule, avdeling Valle

Frå Setesdalswiki
(Omdirigert frå Valle vidaregåande skule)
Hopp til navigering Hopp til søk
Litt av skulebygget i Valle
Skulesenteret i Åkreneset med den vidaregåande skulen bak i biletet.

Setesdal vidaregåande skule, avdeling Valle starta i 1972 med ei husstellinje i kjellaren på Valle skule. Den linja var filial under Arendal og Blakstad vidaregåande skule. I 1976 opna internatet og då skulen i 1982 flytta inn i nye bygningar, vart han sjølvstendig. Skulen har hatt mange ulike linjer, men har i dag berre gull- og sylvsmedhandverk, som starta i 1995.

Andre linjer har vore husstell, vev, snekker, halvårskurs i vev. kokk og servitør, aktivitørlinje, helse og sosial, 3-årig musikk, dans, drama.

I 2006 vart skulen ein del av Setesdal vidaregåande skule, som også har avdelingar på Hornnes og Hovden. Avdelingsleiar i Valle (2022) er Ewald Assmann

Eksterne lenker