Straume

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Straume sett frå Tykkeholtsodden på andre sida av Otra.
Straume under Straumsfjell.
Foto: Geir Daasvatn

Straume er ein gard (gnr. 69) i Hylestad i Valle. Garden ligg på austsida av Otra, under Straumsfjellet. På andre sida av elva ligg Helle. Straumsvegen går frå Riksveg 9 på Helle over bru til garden. Frå Straume går Birkelandsvegen sørover på austsida av Otra til garden Birkeland i Bygland.

Historie

Ein gong før 1650 blei det oppdaga at det var mineralførekomstar på Straumsheia, ved Straumsfjorden eit par mil aust for garden. I 1655 skal Christian Andersen og Johan Vibe ha funne koparmalm i Brattebrok skjerp. I 1657 og 1658 sendte Kong Fredrik to brev til ein Hans Juel, der det gjekk fram at Kongen ønska å overta Straume som krongods, i bytte mot anna gods. Dei nye gardane skulle vere på Reiersdal i Øvrebø og i Søgne. Dette skapte naturleg nok ei svært negativ innstilling på Straume, mot Kongen og «blåmennene» hans. Men det blei aldri noko av det upopulære makeskiftet, som Kongen ville tvinge på bøndene på Straume.[1] I tida då denne striden pågjekk oppstod truleg segna om ei «sølvgruve» på Straume, og herminga «Kalven er på Kongsberg, kyri i Setesdal». Men til dags dato har det ikkje lukkast nokon å finne «kyra».[2]

I staden blei kjøpmann Peder Lind frå Kristiansand den første med gruvedrift av eit visst omfang (ca. 1660–1680) i Straumsgruvene. Lind fekk bygd to store stemmar i Straums-Mjåvatn for å leie vatnet ned til garden. På Straume sette han opp smelteomn og fleire hus. Vasskrafta nytta han til å drive ulike tekniske innretningar.[3]

Kjelder

Referansar

  1. Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, utgjeve av Evje og Hornnes kommune, 2016, side 41–44
  2. Alfred Ryningen og Leonhard Jansen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 271
  3. Sigmund Monen, Frå gamle gruvetradisjonar i Setesdal til arbeidarkultur i Evje, side 45

Kart

Laster kart...