Nomeland bedehus

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Nomeland bedehus sett frå aust.

Nomeland bedehus er eit bedehus på Nomeland i Hylestad. Det ligg på vestsida av Rv9, nokre hundre meter nord for Hylestad skule, like inntil vegen og har parkeringsplass til om lag 25 bilar på nedsida mellom riksvegen og bygningen. Huset er teikna av arkitekt Røkås og fungerer som bedehus for heile Hylestad. Tomta var gjeven av Jorund Å. Haugeland. Formann i byggjenemnda var Såvi O. Uppstad. Kostnadene for huset var om lag 200.000 kroner. I tillegg var det gjort mykje dugnadsarbeid. Valle kommune ytte 50.000 kroner og Valle Sparebank 3.500 kroner. I gåver og ved innsamlingar var fram til huset vart vigsla gjeve 75.800. Det er Hylestad kristelege ungdomslag som eig huset, og laget hadde teke opp eit lån på 40.000 kroner i tillegg til den øvrige finansieringa.

Huset har ein kjellaretasje med matsal, kjøkken og lager. I første etasje er det møtesal, lillesal, yttergang, garderobe, toalett og lager. Mellom møtesalen og lillesalen er det foldedør, slik at ein kan bruke lillesalen til mindre samlingar. Mellom 1. etasje og kjellaren går det trapp. Det er inngang til andre etasje frå sørsida, inngangen til kjellaren er frå austsida av huset.

Vigslingsfest[rediger]

Huset vart vigsla sundag 13. mai 1973. Over 200 menneske var møtt fram, nokre frå Valle, Bygland og Evje, men dei fleste var frå Hylestad. Knut F. Uppstad var leiar i Hylestad kristelege ungdomslag og var festleiar. Knut O. Nomeland og Eivind Hovet opna vigslingsfesten med skriftlesing før bygda sitt barnekor song. Deretter helt sokneprest Sverre Olsen vigslingstalen ut frå Efesarbrevet 1,15-20. På festen heldt Torgeir B. Berg ei interessant utgreiing om kristenlivet i Hylestad frå Hans Nilsen Hauge si tid og fram til våre dagar. Det var og helsing frå sekretær Tom Nicolaisen i NMS og sekretær Olav Kleven i Misjonssambandet.

Kjelder[rediger]

  • Eivind Hovet: Innviing av nytt bedehus i Hylestad. Artikkel i Fædrelandsvennen 16. mai 1973. Artikkelen er skriven av og heng på veggen i gangen på Nomeland bedehus.


Valle komm.png
Kyrkjer og forsamlingshus i Valle kommune
461px-NO 0940 Valle.svg.png
Hylestad kyrkje · Valle kyrkje
Broderheimen bedehus · Oveinang grendehus · Nomeland bedehus · Valle menighetshus
Fjellro grendehus på Hovet · Gardane grendehus på Brokke · Hylestad soknehus
Treungen grendehus på Helle · Vonheim grendehus på Homme