Vandringer i Setesdal Vesthei
Hopp til navigering
Hopp til søk
Vandringer i Setesdal Vesthei (ISBN 978-82-91-49544-6) er ei bok som viser Setesdal Vesthei i tekst og bilde. Boka er redigert av Harald Flå, mens Torill Folkestad og Svein Egil Eidet var med i redaksjonskomiteen. Ho vart gitt ut på Friluftsforlaget (Arendal) i samarbeid med Kristiansand og Opplands Turistforening og Vest-Agder fylkeskommune i 2008. (I 2012 skifta turistforeninga namn til DNT Sør.)
Dette er ei flott og allsidig bok på 328 sider, med ei mengd illustrerande bilete og mykje fakta. Kjende personar gjennom tidene knytta til både Turistforeninga og lokalmiljøet har fått brei omtale. Boka høver godt som oppslagsverk om ein vil vita meir om Setesdal Vesthei.
Innhald:
- Innledning
- Glimt frå KOT si historie
- KOTs hytter
- Løypenettet
- Allemannsretten og friluftsvet
- Vern av fjella i sør
- Geologi i Setesdal Vesthei
- Fisk og fiske
- Dyreliv og jakt
- Reinen i sør lever farleg!
- På spor etter dei fyrste i høgfjellet
- Gamle vegar og buplassar i Setesdal Vesthei
- Støylsdrift og driftelegre
- Glimt frå kraftutbygginga i Setesdal Vesthei
- Krigsminne i Åseral og Setesdalsheiane
- Stikkordsregister på stadnamn og personar
Kjelder
- Vegard Damsgaard: Praktbok om Setesdal Vesthei. Artikkel i Fædrelandsvennen 2008.
- Harald Flå: Vandringer i Setesdal Vesthei 2008 ISBN 978-82-91-49544-6