Hedde

Hedde er ein gard (gnr. 70) og ei lita grend på vestsida av Otra, mellom Besteland i sør og Rysstad i nord, i Hylestad i Valle kommune. På andre sida av Otra ligg Straume. Helle, Straume og Besteland utgjer bygdelaget Treungen.
På Hedde ligg Helle Camping. Herfrå vert det arrangert klatreturar i Via Ferrata - Straumsfjellet på andre sida av elva. I 2016 vart to svære, nye sauefjos opna i grenda. Riksveg 9 Besteland - Helle vart utbetra i 2020–2021.
Historie
Hedde er eit gamalt gardsnamn. Det er funne ei steinøks, ei holøks av flint, på garden sitt område. Øksa er frå steinalderen, og datert til ca år 2500 f.Kr. Det er også gjort eit stort depotfunn, som er datert til 600-talet e.Kr. Gardkjennarane trur likevel at garden ikkje er mellom dei aller eldste, fordi han ser ut til å vere skild ut frå noko som eingong må ha vore Rysstads mark. Ei gong i tida etter at Hedde var gått ut frå Rysstad, er så Besteland blitt skild ut frå Hedde igjen.
Det kan sjå ut til at ein Jon Sigurdsson eigde heile Hedde fram mot slutten av 1500-talet. Etter han ser så garden ut til å ha blitt dela i tre mellom sønene Gunnar, Olav og Sveinung.
På gardsbruket til Egil Åmlid på Hedde står eit gamalt loft (stabbur). «Det er eitt av dei venaste og best bygde i dalen», skriv Alfred Ryningen i gards- og ættesoga for Hylestad. Det skal vere reist av den medgjetne tømmermannen Knut Torjusson Helle (ca 1696–1766). Den eldste delen av våningshuset på denne eigedomen er frå 1600-talet.
Riksveg 9
I 2020–21 vart mykje forandra i bygda, då lagdes riksvegen om. Mellom anna forsvann Helle herberge og Nordheim kafe, den eine vart riven, den andre brann ned som øvelse for brannvesenet. Bautaen for Setesdal taken ned.
Galleri
På Bergstad, noko sunnanfor Hagen på Hedde, sette entreprenøren opp brakkeriggen under omlegginga av RV 9. Straumsfjødd i bakgrunnen. Siri Johannessen (5. januar 2021) |
Området der Helle herberge stod, sett frå sør. Helle der nede og der nord på venstre sida. Siri Johannessen (5. januar 2021) |
Kjelder
- Norges bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, Oslo 1956, side 472-474
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 33 og 40
- Johs. Bjørkeli, Dalen med museum på hver gård, artikkel i God Helg/Fædrelandsvennen 7. oktober 2016
- Alfred Ryningen, Valle kommune I Gards- og ættesoge Hylestad, utgjeve av Valle kommune, 1985, side 68–180
- Sigrid Åsen Haugsgjerd, Bygdelaget vil ha Heddi: Kartverket vedtok Hedde, artikkel på Setesdolen.no, dagsett 22. oktobr 2022