Aani Rysstad
Aani Rysstad | ||
---|---|---|
Født: | 12. juli 1932 | |
Død: | 30. mai 2000 (67 år) |
Aani Rysstad (fødd 12. juli 1932 på Rysstad, død 30. mai 2000 i Bærum) var journalist og redaktør. Han var son til Aani Aanison Rysstad. Etter realskuleeksamen i 1950, journalistskule 1953 og Nansenskulen i 1955 fekk han jobb som journalistlærling i avisa Sørlandet. Etter bare eitt år vart han i 1956 redaktør på Mandalskontoret til avisa. Same året gifta han seg med Laila Rysstad. I 1958 kom han som journalist til avisa Nybrott i Larvik. Der var han til 1970, dei fire siste åra som redaktør. Frå 1969 starta han med å bygge opp Nynorsk Pressekontor, der han var redaktør frå 1970 til 1990. Deretter arbeidde han som skribent og omsetjar.
I Larvik var han politisk aktiv og sat i kommunestyret for Arbeiderpartiet frå 1963 til 1967. Han var også i perioden 1966-1970 med i styret for Vestfold Arbeiderparti.
Bibliografi
- «... allsidig stoff til avisene». 25 år med Nynorsk Pressekontor. Oslo 1994
Kjelder
- Om Aani Rysstad hos alkunne.no
- Valle kommune I Gards- og ættesoge Hylestad (1985) ISBN 82-991334-0-8 side 374