Flateland

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Flateland.
Kulturlandskap på Flateland.
Foto: Geir Daasvatn
Eit vakkert restaurert kvernhus i Lisleå forbi Flateland.
Foto: Geir Daasvatn

Flateland er ein gard (gnr. 25) og ei lita grend på austsida av Otra nord i Valle kommune. Garden ligg på nord-vestsida av det særmerkte fjellet Einang. Han grensar mot Homme i sør-aust og Syndre og Nørdre Rygnestad og Lunden i nord. I vest ligg Otra, med gardane Røysland, Løyland og Dale på andre sida. Dei gamle bruka på garden ligg noko opp i bakkane på begge sider av Lisleå, som renn gjennom garden og ut i Otra. Nede på dei flate moane ved elva, langs Riksveg 9 som går gjennom Flateland på veg mot Bykle og Hovden, ligg det mange nyare bustader.

Frå Rotemo på Flateland går Fylkesveg 45 austover til Store Bjørnevatn og vidare til Skafså i Telemark.

Flateland og nabogrenda Rygnestad ligg i eit særmerkt kulturlandskap, og utgjer i saman Rygnestad og Flateland utvald kulturlandskap. Frå 2021 er Flateland og Rygnestad også med i det landsomfattande registeret Kulturhistoriske landskap av nasjonal interesse.

Historie

Gardar som endar på -land kan gå heilt tilbake til folkevandringstida (ca 400-600 e.Kr.), men fleirtalet av dei kjem kanskje frå tida mellom 600-1000 e.Kr., skriv bygdesogeforfattaren Alfred Ryningen i gards- og ættesoga for Valle. Noko nærare vil han ikkje tidfeste Flateland til. Men det ligg eit svært gravfelt med rundt 40 gravhaugar på garden sin grunn, der det er gjort ein del arkeologiske funn. Det kan vel trekke i retning av at garden er mykje gamal.

Garden hadde mange støylar. Dei låg stort sett oppe på heia i områda rundt Store Bjørnevatn og Lisle Bjørnevatn. Men støylsdrifta tok slutt på 1950-talet, slik det stort sett skjedde i heile Valle-bygda. I Lisleå (Rygnestadåni) var det kvernhus. Her var det også sagbruk.

Frå 1880 var det eit skulehus ved Åsdokk. Frå 1919 til 1959 var det skulehus for heile Oveinang skulekrins i Flatelandsmoen. Det var postkontor i grenda frå 1909 til 1969, og telefonsentral frå ca 1909 til omkring 1967. I 1932 blei det skild frå tomt til Broderheimen bedehus. Bedehuset er framleis i bruk.

Kjelder

Kart

Laster kart...