Treungen
Hopp til navigering
Hopp til søk

Otra med Helle på vestsida. Bildet er teke frå austsida av elva, på Straume.
Foto: Geir Daasvatn
Treungen er eit bygdelag og eit samnamn for dei tre gardane Besteland, Helle og Straume heilt sør i Hylestad i Valle. Besteland og Helle ligg på vestsida av Otra, medan Straume ligg på austsida. «Så langt attetter me kjenner har det naturlege sambandet der ute vore over elvi, ikkje langsetter», heiter det i kultursoga for Valle. Treungen grendehus ligg på Helle.
Kjelder
- Aani Rysstad, Norges Bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestlige del, Oslo 1956, side 472
- Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 33 og 39