Setesdal Regionråd

Setesdal Regionråd (tidlegare Setesdal Næringsfond) er felles næringsorganisasjon for Bykle kommune, Valle kommune, Bygland kommune og Evje og Hornnes kommune. Frå 1. september 2019 er også Åseral kommune med.
Organisering
Rådet er organisert som eit interkommunalt samarbeid etter kommunelova § 18-1, og er eige rettssubjekt. Vertskommune er Valle. Ramma for samarbeidet er samarbeidsavtale dagsett 22. november 2021. Utviklingsplan Setesdal 2020 med handlingsprogram fungerer som utdjupande partnarskapsdokument i forhold til prioriterte satsingar og arbeid i inneverande periode.[1]
Føremål
Føremålet er å fremme utvikling av heile Setesdalsregionen. Den overordna målsettinga er «Levande og inkluderande lokalsamfunn i ein vekst- og berekraftig region». Ut frå visjonen «Setesdal er Agder sitt grøne hjarte» skal Regionrådet stimulere utvikling og vekst i Setesdal basert på eigne føremonnar/særpreg og fremme regionen sine interesser.
Regionrådet skal særleg arbeide med desse hovudutfordringane:
- marknadsføre og utvikle Setesdalsregionen som reiselivsdestinasjon
- bygge Setesdal som merkevare
- bygge reiselivsrelatert infrastuktur
- vidareutvikle og styrke kompetansen i regionen
- fagarbeidaren i framtida sitt arbeidsliv
- Setesdal kompetanse
- utvikle attraktive og livskraftige bygder
- marknadsøre framtidas berekraftige bygder
- styrke regional inrastruktur og samfunnsstruktur
- forvalte regionalt næringsfond
Politisk struktur
Representantskap

Setesdal Regionråd blir leia av eit representantskap. Det består av formannskapet, ved fem representantar frå kvar, i dei fem samarbeidskommunane og tilsvarande tal varamedlemer. Rådmennene og dagleg leiar møter med tale- og forslagsrett.[2]
- 2021/2022 Leiar: Inger Lise Lund Stulien. Nestleiar: Svein Arne Haugen
- 2014/2015 Leiar: Bjørn A. Ropstad. Nestleiar Leiv Rygg[3]
- 2008/2009 Leiar: Knut A. Austad. Nestleiar: Bjørgulv Sverdrup Lund
- 2006/2007 Leiar: Bjørn A. Ropstad. Nestleiar: Kay A. Jeiskelid
Styre

Styret arbeider i medhald av samarbeidsavtale dagsett 22. november 2021. Kvar kommune har to faste og to vararepresentanter til styret. Kommunane oppnevner sjølv medlemene sine, minst eitt må vere kvinne. Funksjonstida følger valperioden. Styret vel styreleiar og nesteleiar for to år om gangen. Dette går på omgang mellom kommunane. Fylkeskommunen med fylkesordførar, fylkesrådmann, rådmennene i kommunane og dagleg leiar er faste observatørar til styret.[4]
Styret kan treffe avgjerder om drift, organisering og disponering av midlar mv. innanfor godkjent budsjett.
Det er vedtatt Handlingsplan 2022–2025.
2019–2023
- Bykle kommune: Jon Rolf Næss/Jan Dagfinn Dalen og Tone Lise Avdal
- Valle kommune: Steinar Kyrvestad og Margit Dale
- Bygland kommune: Sigbjørn Åge Fossdal og Anne Eikerapen
- Evje og Hornnes kommune: Svein Arne Haugen og Britt Ingrid Andersen
- Åseral kommune: Inger Lise Lund Stulien og Jan Arild Bjørndal
2015–2019
- Bykle kommune: Jon Rolf Næss og Kay A. Jeiskelid. Frå 2018: Tone Lise Avdal, vara Ragnhild Bjåen
- Valle kommune: Steinar Kyrvestad og Knut Hagen. Frå 2018: Margit Dale, vara Åse Ingebjørg Flateland
- Bygland kommune: Leiv Rygg Langerak og Vidar Frøysnes. Frå 2018: Anne Eikerapen, vara Vigdis Beisland
- Evje og Hornnes kommune: Bjørn A. Ropstad og Lars Reidar Vasland. Frå 2018: Britt Ingrid Andersen, vara Wenche Rundsag Høgetveit
2011–2015:
- Bykle kommune: Ordfører Jon Rolf Næss og varaordfører Tor Hallvard Mosdøl
- Valle kommune: Ordfører Tarald Myrum og varaordfører Nina S. Johnsen (fra 2012)
- Bygland kommune: Ordfører Leiv Rygg og varaordfører Olav Neset
- Evje og Hornnes kommune: Ordfører Bjørn Ropstad og varaordfører Finn Bjørn Rørvik
2008–2011:
- Bykle kommune: Ordfører Kay A. Jeiskelid og varaordfører Anne Ellen Senum
- Valle kommune: Ordfører Bjørgulv Sverdrup Lund og formannskapsmedlem Olav K. Hovet
- Bygland kommune: Ordfører Knut A. Austad og varaordfører Eli Tomine Moe
- Evje og Hornnes kommune: Ordfører Bjørn A. Ropstad og varaordfører Nils Gjermund Østerhus
2004–2007
- Bykle kommune: Ordfører Kay A. Jeiskelid og varaordfører Anne Ellen Senum
- Valle kommune: Ordfører Steinar Kyrvestad og varaordfører Olaf Henrik Homme
- Bygland kommune: Ordfører Knut A. Austad og varaordfører Harry Andersen
- Evje og Hornnes kommune: Ordfører Bjørn A. Ropstad og varaordfører Endre Refsnes[5]
Arbeidsområde
- Interkommunalt samarbeid
- Næring
- Samferdsel
Aktivitetar
Utgivelser
Setesdal Regionråd lagar fleire hefte:
- Smaken av Setesdal 2011
- Bli mjølkebonde? 2009
Administrasjon
Setesdal Regionråd har kontor på kommunehuset i Valle. Det er også kontorfilial på kommunehuset i Bygland.
Dagleg leiar
Frå 2018 er Rita Hansen dagleg leiar. Dagleg leiar 2006–2018 var Signe Sollien Haugå. Før henne var tidlegare rådmann i Valle, Arne Tronsen, dagleg leiar frå 1995.
Øvrige tilsette
Pr. februar er desse tilsette i Setesdal Regionråd, i tillegg til dagleg leiar: Roy Bakke (Visit Setesdal/rådgjevar reiseliv), Birgit K. Homme Harstad (rådgjevar) og Marie Pedersen (møtesekretær, i permisjon).
Irene Kile var rådgjevar til september 2010, då ho begynte i ny stilling i Åseral kommune. Frå 1. desember 2010 var Siri Alice Øvergård Bøyum tilsett i rådgjevarstillinga. Rådgjevar arbeider hovudsakleg frå kontoret i kommunehuset i Bygland. Runar Granheim var tilsett som rådgjevar frå januar 2018. Wenche Tangene var leiar for Helseprosjekt Setesdal i 50% stilling.