Gardan

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Gardan er eit samlenamn på gardane Brokke, Berg og Haugeland som ligg midt i Valle kommune. Dei ligg i dalsida opp mot vestheia på nordsida av Faråni og Suleskarvegen (Fv 337) mellom 375 og 475 meter over havet. Hovudvegen opp til Brokke vart bygd rundt år 1900, medan køyrevegen som bind Haugeland til den vegen vart ferdig i 1960.

Gardan har fjell i sør, vest og nord, frå vest til nord ligg Løefjødd, Berefjødd og Haugelandsfjødd, medan Rysstadåsen ligg på sørsida av elva.

Brokke, Berg og Haugeland er skilde av to bekkar, Bergvadbekken og Brònebekken. På sørsida av Bergvadbekken ligg Brokke, nord for bekken ligg Berg som har Brònebekken som grense mot Haugeland.

Medan Brokke og Berg er gamle gardar, blei Haugeland ikkje eigen gard før i 1668 då den gjekk frå å vera heimestøyl under Nomeland til å bli eigen gard. I området låg i høgmellomalderen fleire støyler og gamle gardar, så det har nok vore mange folk busett her i den tida.

Gardan vert på folkemunn kalla Garo - eller pi Garo (oppe i Gardane).

Kjelde[rediger]