Uppstad

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Uppstad sett frå Støyledalsvegen 15. juni 2018.
Foto: Geir Daasvatn

Uppstad er ein gard (gnr. 60) og ei grend i Valle kommune, lengst nord i Hylestad. Her er det ca 10 hus.

Vegene på Uppstad er Riksveg 9, Uppstadvegen, ein veg driven av Otra Kraft, Støyledalsvegen og Dalstøylvegen.

Elver på Uppstad er Otra, Kåvåne, Kallefossåne og Hylesdalsåni. Dei to siste møtes ved vegbommen til Støyledalsvegen / Dalstøylvegen og renn som Kåvåne videre ned i Otra ved Kåvenes nederst ved Uppstadvegen.

Fjell på Uppstad er Haugelandsfjødd, Berefjødd, Kallshei, Riskefjødd, Gaukstofjødd / Hommfjødd / Storeli og Tofjødd.

Gardene på Uppstad kategoriseres i oppgardan og nedgardan som var ein halvpart kvar av gardens skinnskyld på 4 huder, og i tillegg reikner ein gjerne med Neset. Det var mange husmannsplasser på Uppstad. Fram til midten av 1800-talet når skylddelinger vart meir vanlig så besto oppgardan av dei tre gardene Der Nede, Der Hite og Oppigard, mens nedgardan var delt i Der heime og Der Nord. Seinare har bnr 2 vorte skilt ut frå Der Heime (år 1849), Grindeskar har vorte skilt ut frå Der Nord (ca 1906) og Oppistog har vorte skilt ut frå Der Hite (år 1936). Porsmyr er skilt ut frå Der Nede (år 1936). Pladsen er også skilt ut frå Der Nede (år 1906), men er seinare samanføyd (1962).

Kjelder

Kart

Laster kart...