Bjørgum

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Bjørgum med Brokke og Løefjell i bakgrunnen.
Eigedomen Bakken på Bjørgum.
Foto: Geir Daasvatn

Bjørgum er ein gard (gnr. 67) i Hylestad, på austsida av Otra, i Valle kommune. Nabogardar i nord og aust er Hovet og Haugen. I sør ligg Straume. I vest skil Otra Bjørgum frå Rysstad. Busetnaden ligg på ei slette nede ved elva. «Bak» (nord-aust for) husa stig Husefjell bratt opp. Aust for dei fire gamle hovudbruka kjem Bjørgåni ned frå heia og renn ut i Otra i Bjørgevje. På sørsida av Bjørgåni og litt for seg sjølv ligg Kåsland, heimen til Hallvard T. Bjørgum.

Fylkesveg 332 tek til frå Riksveg 9Nomeland og går over Otra på Skagebrua forbi Hovet og Haugen fram til Bjørgum. Lokalt på Bjørgum heiter vegen Bjørgevegen.

Bjørgum kraftverk ligg på Bjørgum.

Historie[rediger]

Bjørgum må omfatte delar av den no bortkomne garden Hylje, som i si tid har gitt namn til heile soknet Hylestad.[1] Sjølve namnet Bjørgum peikar i retning av ein viss alder. I omtalen av garden i gards- og ættesoga for Hylestad held Alfred Ryningen det for sannsynleg at garden blei skild ut som eiga eining ei stund før Svartedauden (1350). Det er gjort arkeologiske funn frå folkevandringstida (ca 400-600 e.Kr.) og gravfunn (sverd) frå rundt 900 e.Kr. på garden.

Det stod ei stavkyrkje på Bjørgum til 1664. Frå denne stavkyrkja stammar dei kjende Hylestadportalane. Etter stavkyrkja vart det bygd ei langkyrkje, som stod til 1838.[2] [3]

Kjelder[rediger]

Referansar[rediger]

  1. Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Valle kommune VII, Kultursoge 1, utgjeve av Valle kommune, 1994, side 39
  2. Alfred Ryningen, Valle kommune II Gards- og ættesoge Hylestad, utgjeve av Valle kommune, 1985, side 7-12
  3. Leonhard Jansen og Alfred Ryningen, Kultursoge 1, side 84-96

Kart[rediger]

Laster kart...