Olav Bjørgum

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Olav Bjørgum
Født: 14. november 1934 (83 år)

Olav Bjørgum (fødd 14. november 1934) er grafikar og sølvsmed frå Bjørgum i Valle, busett på Gvarv i Telemark. Han er bror til Torleiv H. Bjørgum.

Biografi[rediger]

Han fekk kunstutdanning ved Statens håndverks- og kunstindustriskole si grafiske linje 1957-62. I 1964 etablerte han eige grafisk ateliér. Han budde mange år på Eidsvoll, men har og budd i Østfold og i Hedmark. I 1986 etablerte han og kona seg i Gvarv, der han fekk verkstad og bustad i den gamle apotekergården. Sidan har han arbeidd på heiltid med grafikk og teikningar (bokillustrasjonar). Han har mellom anna illustrert Ragnhild Magerøys middelalder-romaner utgitt av Den norske Bokklubben. I Setesdal er han mest kjent for illustrasjonane i Jol i Setesdal, som han har illustrert heilt frå første nummer. Dei er inspirert av bokverket Gamalt or Setesdal av Johannes Skar

Olav Bjørgum har hatt studiereiser til Italia, Spania, Portugal, Sovjet så vel som til landa i Skandinavia. Kunsten hans er kjøpt inn av mange sjukeheimar, mellom andre i Stange, Våler, Ringsaker og Bykle. Han er vidare kjøpt inn av Nordstumoen videregående skole, Hamar politikammer, Norsk kulturråd, Hedmark fylke, Aust-Agder fylke, og kommunane Eidsvoll, Gjøvik, Porsgrunn, Bykle, Valle, Løten, Hamar og Skien.

Gjennom eit langt liv har han hatt mange utstillingar:

  • Hamar Kunstforening 1970.
  • Gjesteutstiller ved Illustrasjonsbiennalen i Tsjekkoslovakia 1971.
  • Lillestrøm Kunstforening 1973.
  • Trondhjems Kunstforening 1973.
  • Galleri Helga, Kongsvinger 1973.
  • Galleri M, Stockholm, Sverige 1973.
  • Festspillene i Elverum 1974.
  • Valdres Kunstforening 1974.
  • Gjøvik Kunstforening 1975.
  • Ål Kunstforening 1976.
  • Seljord Kunstforening 1978.
  • Bygland Kunstforening 1980.
  • Kvam Kunstlag 1980.
  • Galleri Hillestad 1981.
  • Vinjeutstillinga 1981.
  • Lyngdal Kunstforening 1981.
  • Heggenes Kunstforening 1983.
  • Åmot Kunstforening, Seljordsutstillinga 1983.
  • Koppang Kunstforening 1983.
  • Galleri Charlie 1985.
  • Porsgrunn Kunstforening 1985.
  • Trysil Kunstforening 1985.
  • Os Kunstforening 1985.
  • Ullensvang Kunstforening 1986.
  • Galleri Vognhuset 1986.
  • Hå Gamle Prestegård 1986,
  • Raulandsutstillinga 1986
  • Skien Kunsforening, Ibsenhuset 1989.
  • Galleri Henrik, Eidsvoll 1989.
  • Galleri Hillestad 1991.
  • Galleri Engen, Brandbu 1993
  • Galleri Oline, Hamar 1993. .
  • Grafisk Kunst, Oslo 1993.
  • Galleri Bi-Z, Kristiansand 1994.
  • Mjonøy Kultursenter 1994-96.
  • "OL-Grafikk", vandreutstilling, Grafisk Kunst 1994.
  • Ullensaker Kunstforening 1994.
  • Ås Kunstforening 1994.
  • Telemark Fylkesgalleri, Notodden 1994.
  • Søgne Kunstlag 1994.
  • Gruppe 9, Brevik 1995.
  • Bø Kunstforening 1995.
  • Glomdalsmuseet, Elverum 1995.
  • Galleri Gaalås 1995.
  • Skien Kunstforening, Ibsenhuset 1995
  • Stasjonsgalleriet, Moelv 1995.
  • Galleri Dronning Tyra 1996
  • Grimdalstunet 1998
  • Kunstværket, Bærums Verk 2001, 2004, 2006, 2007
  • Søgne gamle prestegård 2008
  • Hillestad galleri 2010

Heder[rediger]

Kjelder[rediger]