Gunnar T. Rysstad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Gunnar T. Rysstad
Født: 27. mai 1867
Død: 23. juni 1928 (61 år)

Gunnar Torgeirson Rysstad (fødd 27. mai 1867 på Heimigard Rysstad, død 23. juni 1928) var bonde, politikar og forfattar. Foreldra var Tarjei Gunnarsson Straume og Targjerd Niklosdotter Hovet. Han gifta seg med Vilborg Olavsdotter Rysstad 23. november 1887. Dei fekk ti barn, men seks av dei døydde utan etterkomarar. Targerd, fødd 1888, vart gift til Moi. Tarjei Straume, fødd 1890, overtok garden på Straume etter foreldra. Olav G. Straume (1895-1970) fekk ni barn og var far til Bjørgulv Straume og Tor Straume, Såvi G. Straume (fødd 1902) var ugift, Gunhild, fødd 1905, vart gift med Kristian Stubseid og den yngste, Bjug, fødd 1911, budde i Oslo.

Biografi[rediger]

Då han var 14 år, vinteren 1881-1882, gjekk han på Amtsskulen, som det året var i Valle. Ein av lærarane var Jørgen Løvland. Så vikarierte han som lærar eit par vintrar før han vinteren 1884-85 gjekk på Vonheim folkehøgskule i Gausdal. Eit år, i 1888, var han handelsstyrar på Rysstad, frå 1890 dreiv han gard på Rysstad, men i 1896 tok han over ein gard faren åtte på Straume i Hylestad, og sidan budde han der.

Politisk engasjement[rediger]

Gunnar T. Rysstad engasjerte seg i politikken og sat i heradsstyret for Hylestad kommune frå 1893 til 1925. Han var varaordførar og ordførar, formann i skulestyret, medlem av lagretten, skjønsmann og styreformann i Otradal skogeigarlag i åtte år. Frå 1903-1906 var han stortingsmann for Høgre, i 1918 var han varamann til Stortinget for Venstre og seinare var han varamann for det nystifta Bondepartiet. Ettersom han sat på Stortinget i 1905, vart han tildelt 7. juni-medaljen til minne om unionsoppløysinga.

Forfattar[rediger]

Han var med i det frilynde ungdomslaget i Hylestad, og frå 1890 gav han ut det radikale bondebladet Sæbyggjen saman med Torgeir Bjørnaraa og Lars Liestøl. Mange dikt og artiklar kom frå hans hand i dette bladet, men han skreiv og i Fedraheimen, Den 17. Mai, Syn og Segn, Fædrelandsvennen og Agder Tidend. Alt i 1888 gav han ut den første diktsamlinga, som han kalla Sukk og song. I alt gav han ut fem diktsamlingar og eit historisk spel. Olav Bø var redaktør for ei minnebok, Hugsjå - dikt og prosa, med eit fyldig utval av forfattarskapen hans, som Det norske samlaget gav ut til hundreårsdagen hans i 1967.

Bibliografi[rediger]

  • Sukk og song 1888
  • Femti dikt 1890
  • Hugsjaa 1896 –
  • Vaarnott 1904
  • Kantate ved avdukingi av bautasteinen for eidsvollsmannen Eivind Torkjelson Lande 1914
  • Orren spelar 1915
  • Vigleik 1912 Historisk skodespel
  • Hugsjå - dikt og prosa – Nyutgjeving ved Olav Bø i 1967

Gjenbruk av tekstar[rediger]

Gunnar T. Rysstad sine tekstar er blitt brukte som songtekstar. Mest kjent var nok omsetjinga han gjorde av Deilig er jorden til nynorsk som Fager er jordi, publisert i Syn og Segn i 1900. Den vart teken inn i Nynorsk Salmebok og både Anne Karin Kaasa og Inger Lise Stulien har sunge den inn på plate.

Men også andre av tekstane hans har fått melodi og blitt spelte inn. Nokre av dei er:

Eksterne lenker og kjelder[rediger]


Forgjenger:
 Ingen
Hylestad del av Valle 
Ordførar i Hylestad
(1915–1916)
Etterfølger:
 Tarald J. Harstad 
Forgjenger:
 Tarald J. Harstad 
Ordførar i Hylestad
(1923–1925)
Etterfølger:
 Torgeir G. Straume