Nomeland (Valle gnr 47)

Nomeland (gnr. 47) er ein gard i Valle. Han ligg på vestsida av Otra, under Nomelandsfjellet, nord for Steinsland og sør for Dale. Gjennom garden frå sør til nord går Fylkesveg 331 (Strondevegen). I nordenden av garden har det i årtider vore hengebru, ein snarveg, over Prestefossen til Sagneskar på austsida av Otra. I 2007 synte det seg at brua var i så dårleg stand at ho måtte stengjast. Ny bru kom opp i 2016.
Det kjende tre-etasjers Nomelandsloftet stod på Nomeland, men er i dag ein del av Setesdalstunet på Vest-Agder-musèet i Kristiansand.
Historie
Det er gjort mange arkeologiske funn på garden. Det er gjort gravfunn både frå folkevandringstida (400-600 e.Kr.) og yngre jernalder (600-1050 e.Kr.). Det er også to gravhaugar på garden. Den største er 3-4 meter høg og med eit tverrmål på omlag 25 meter. Han er den største som er kjend i Valle. Det har såleis vore folk på garden lenge, kanskje alt frå folkevandringstida.
Fram mot 1613 ser det ut til at garden var udela, skriv Alfred Ryningen i gards- og ættesoga for Valle. I 1613 var det tre bønder på garden. Den eine av desse, Eivind Tarjeisson Nomeland, dela garden i to i 1659. Desse to delane blei seinare til bnr. 3 og bnr. 7.
Nomelandskyrkja
Nord for sjølve garden ligg ein gamal kyrkjegard. I katolsk tid var områda på vestsida av Otra eige kyrkjesokn. Det stod ei kyrkje på Nomeland då, truleg ei stavkyrkje. Ho kan ha vore i bruk frå slutten av 1000-talet og fram til reformasjonen (1536). Nokre materialar frå denne kyrkja skal vere brukt av Åsmund Rygnestad då han sette opp «trihågloptet» på Rygnestad i andre halvdelen av 1500-talet.
Kjelder
- Alfred Ryningen, Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 604–685
- Hege Synnøve Rysstad, Måtte stenge hengebrua i Valle, artikkel i Setesdølen nr. 88, 2007, 6. november 2007, side 1 og 12
- Om eigedomen gnr. 47 bnr. 33 på Nomelandshus.no
- Norges Bebyggelse, herredsbindet for Aust-Agder, vestre del, Oslo 1956, side 758