Bispevegen

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Valle sett frå Bispevegen.

Bispevegen er ein gamal ferdsleveg over heia mellom Valle og Fyresdal. Han gjekk frå Tveitebø over heia gjennom Finndalen til Kleivgrend i Fyresdal.

Frå 1200-talet og fleire hundreår frametter var Stavanger administrasjons- og handelssenter for landsdelen. Etter kvart som Agder fekk sin eigen administrasjon, frå 1500-talet, måtte setesdølane meir og meir legge ferdsla austover. Setesdal Austhei og Bispevegen overtok då mykje av den ferdsla Skinnevegen hadde hatt tidlegare.[1] Den første delen av vegen, frå Valle til Finndalen, var også ein mykje brukt støylsveg for valldølane.[2]

Etter oppstiginga frå Tveitebø opp Syndre Skòr kjem ein til det høgste punktet på ruta (1140 moh.). Her ligg Rolvskvil, ei segnomsust likkvile.[3]

Referansar[rediger]