Tveitebø
Hopp til navigering
Hopp til søk
Tveitebø er ei vestvendt grend i Valle som ligg mellom grenda Homme og garden Jordet i hellinga opp mot Setesdal Austhei, nord for Valle sentrum. Grenda ligg langs Tveitebøvegen og Espetveitsvegen. Bispevegen, som bind Setesdal og Telemark saman frå gamalt av, går upp mot Vrålskred og Rolvskvil frå Haugum. I grenda er jorda god, og i Tveitebølii finst skog.
Gardens namn | g.nr. | |
---|---|---|
Espetveit | 32 | |
Haugum | 33 | |
Nørdre Hoftuft | 34 | |
Syndre Hoftuft | 35 | b.nr. 1 ligg i Sæstad |
Kvòsåk | 36 | b.nr. 1 ligg i Sæstad |
Myrum | 37 | b.nr. 2 ligg i Sæstad |
Holum | 38 |
Historie
I eldgamal tid, for meir enn 1000 år sidan, kan Tveitebø truleg ha vore èin gard. Så gjekk det gjennom tidene føre seg ei oppdeling, som enda med at det i dag er sju matrikkelgardar i grenda.
Kjelder
- Ryningen, Alfred: Valle kommune - gardssoge bind V, s. 7-12. Bergen 1987, ISBN 82-99133440.