Tarald Myrum

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Tarald MyrumSymbol unrelated.svg
Tarald Myrum2.jpg
Født: 19. september 1952 (66 år)

Tarald Myrum (fødd 19. september 1952) er bonde i Valle kommune. Han var ordførar i Valle frå 1992 til 1999, då Steinar Kyrvestad overtok vervet. Tarald Myrum representerer Valle Senterparti og har også vore leiar av Aust-Agder Senterparti og medlem av Aust-Agder fylkesting for Senterpartiet. Der var han medlem av fylkesutvalet og leiar av fylkesvalgstyret. Etter kommunevalet i 2011 kom han tilbake i Valle kommunestyre og vart vald til ordførar att for perioden 2011 til 2015.

I tillegg til politikken har han vore sterkt engasjert i Valle IL, der han har vore leiar ei årrekke. Han var pådrivar for å få reist Vallehalli medan han var ordførar. Sjølv er han aktiv på ski og har gått Sesilåmi ei rekke gonger og er med i leiinga av rennet. Han har og gått Birkebeinerrennet og Vasalopppet.

På garden driv han og kona Randi Gåserud Myrum melkeproduksjon og har som ein av dei fyrste i Setesdal fått installert melkerobot i fjøset. Dei har sonen Lars Tarald Myrum. Tarald Myrum var styreleiar i Setesdalstunet AS, eit selskap som eig fleire av bygningane ved Riksveg 9 i Valle sentrum, mellom anna bygningen der Valle Radio held til, men då han vart ordførar i 2011, overtok Knut H. Nomeland dette vervet.

Tarald Myrum gjekk ut av Hornnes gymnas i 1973. Sidan studerte han på Norges Landbrukshøgskole, der han avslutta studiene i 1979. Så var han leiar i Setesdal Forsøksring ein periode før han overtok heimegarden.

Kjelde[rediger]

Eksterne lenker[rediger]