Jordet

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Jordet er ein gard (gnr. 39) i Valle. Nord for garden renn Jordesåne, og skil garden frå nabogardane i Tveitebø. I vest går garden ned til Otra. I sør og aust ligg Prestegarden, Kjelleberg og Sagneskar.

Historie[rediger]

Garden er gått ut frå Prestegarden tidleg på 1600-talet. Men det var truleg ein eigen gard her alt før Svartedauden. I hovudoppgåva si i historie reknar Sigrid Bø Jordet som ein sikker høgmellomaldergard.[1]

Bruka på Jordet hadde kvernhus i Jordesåne. Støylane låg i Jordesdokki i heimskogen. Det skal også ha vore støylar på Søndre Stavvatn og Mørkholdt. Elles hadde bnr. nr. 1 støyl saman med bnr. 1 på Holum, og bnr. 3 kjøpte heiemark til støylar frå Myrum. Jordet hadde ikkje eiga hei frå gamalt av. Til vanleg reiste ein til støyls 27. juni, og blei verande der i sju veker.[2]

Litteratur[rediger]

Referansar[rediger]

  1. Alfred Ryningen, Valle kommune IV Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 573-574
  2. Valle IV, side 578-579