Rygnestad

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Rygnestad sett frå Fylkesveg 45 7. juli 2015.
Foto: Geir Daasvatn

Rygnestad er ei grend og to gardar, Syndre Rygnestad og Nørdre Rygnestad, nord-aust for Flateland i Oveinang nord i Valle. Rygnestadvegen tek av frå Riksveg 9 ved Flateland og går inn til Rygnestad-gardane. Avstanden frå riksvegen til tuna på Rygnestad er omlag to kilometer. Hommsgardane og Flateland er nabogardar i sør. I vest, mot Otra, ligg Lunden. Rygnestad er såleis av dei få gardane i Valle som ikkje grensar til storelva. Gjennom gardane og vidare forbi Flateland og ut i Otra renn Rygnestadåni. Høgt oppe i heia ovafor gardane går Fylkesveg 45 forbi austover mot Skafså og Dalen i Telemark.

Det vidkjende Rygnestadtunet (Nordigard Rygnestad), garden etter segnhelten Vonde-Åsmund Rygnestad, ligg på Rygnestad. Høgt oppe i bakkane ligg også den gamle husmannsplassen Slengen, som er blitt fint restaurert dei siste åra.

Historie[rediger]

«Alderen på gardane er det [---] ikkje så greitt å seie noko visst om, anna enn at det nok var folk her så tidleg som i vikingtidi, iallefall», skriv Alfred Ryningen i Gards- og ættesoga for Valle. Det er funne eit sverd og eit spyd på Rygnestad, begge tidfesta til 900-talet.

Rygnestad hadde mange støylar. Dei låg i områda rundt Store Bjørnevatn og Lisle Bjørnevatn. Folka på gardane reiste normalt til støyls rundt jonsok, og sat der til omkring 30. august. Men støylsdrifta tok slutt for ein mannsalder sidan eller vel så det. Her høgt oppe på heia var det også slåtter. I Rygnestadåni nede ved gardane var det kvernhus. Her var det også ei sag i si tid.

Ulv Olsson er den første kjende mannen på Rygnestad. Han hadde Syndre Rygnestad før 1512. Håvard Aslaksson er den første kjende eigaren av Nørdre Rygnestad. Etter dei kom Kjetil Tarjeisson til å bli eigar av begge gardane. Kjetil hadde to søner, Folke Kjetilsson Rygnestad og Torleiv Kjetilsson Rygnestad. Folke vart eigar av Syndre Rygnestad og Torleiv av Nørdre Rygnestad.

Kjelder[rediger]

Sjå også[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...