Kveding
Hopp til navigering
Hopp til søk

Foto: Geir Daasvatn
Kveding er ein type vokal folkemusikk. I den folkelege songtradisjonen er kveding helst knytt til Telemark og Setesdal, men omgrepet har etter kvart kome i bruk òg i andre delar av landet. For at det skal kunne kallast «kveding», må musikken ha nokre særtrekk som skil kvedinga frå til dømes pop eller klassisk song. Stikkord kan vere meir talenær song, tonalitet og ornamentikk («krullar»).
Setesdal har hatt og har mange særs dyktige kvedarar. Nokre døme kan vere Kim Rysstad, Eldbjørg Trydal Rysstad, Sigrid Kjetilsdotter Jore, Kirsten Bråten Berg, Birgit Rike Lund og Svein Hovden.
Kjelder
- Artikkelen om kveding i Store Norske Leksikon
- Kim Rysstad, Or Setesdal, 2021, side 48–49
- 🌱 Denne artikkelen er ei spire. Hjelp Setesdalswiki med å utvide artikkelen.