Kveste

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Kveste er ein gard (gnr. 54) i Valle. Han ligg på austsida av Otra, nord for Sandnes og sør for Harstad, Tveiti og Brottveit. På andre sida av Otra ligg Bøgardane. Riksveg 9 går gjennom garden frå sør til nord.

Historie[rediger]

Kveste skal ha blitt sjølvstendig gard i høgmellomalderen, for så å ha blitt lagt øyde etter Svartedauden.[1] Enno på 1500-talet skal han ha vore underbruk under andre gardar.[2]

Særmerkte hagar[rediger]

Ein av dei særmerkte hagane.

På Kveste, på Nordigard bnr. 3, er det eit par heilt spesielle hagar med solide steinmurar rundt. Dei er runde, og omlag mannshøge. Største tverrmål er 20-25 meter. Inne i hagane er det planta frukttre. Det var Olav F. Kvestad (1812-1890) som bygde desse hagane saman med sønene sine.[3]

Referansar[rediger]

  1. Alfred Ryningen, Valle kommune III Gards- og ættesoge Valle, utgjeve av Valle kommune, 1987, side 197
  2. Valle III, side 198
  3. Valle III, side 240