Setesdalskonferansen 2016
Setesdalskonferansen 2016 vart halden på Hovden grendehus og Hovden Høyfjellshotell torsdag 14. april 2016 og fredag 15. april 2016. Motto for konferansen var «Drivkraft & nyskaping». Setesdal Regionråd var arrangør, Styrk Fjærtoft Trondsen var konferanseleiar og Ivan Bratten hadde ansvaret for lyden. Prisen for konferansen var 1250 kroner inkludert overnatting og mat.
Setesdalskonferansen er ei samling for eigarar / daglege leiarar i private verksemder i Setesdal, tiltaksapparatet, kommuneleiinga og andre inviterte. Føremål med konferansen er fagleg påfyll, nettverksbygging og ein uformell arena for tettare samarbeid mellom privat næringsliv og offentleg tiltaksapparat.
Program
Torsdag 14. april
11.00 Registrering
- Og lunsj på Hovden Grendehus
12.00 Konferanseopning
- Jon Rolf Næss - styreleiar i Setesdal Regionråd og Bykle-ordførar: Velkomen til Setesdalskonferansen!
12.10 Gjør som mora di sier
- Finn Schjøll: «Egentlig er det jo absurd at lille jeg, som er en ganske alminnelig blomsterdekoratør fra Horten, skal stå der og preke moral. Hvis vi hadde hørt på mora vår da vi var små, så hadde det ikke vært nødvendig.»
13.00 Vitamininnsprøyting
- Sveinung Hovstad, fersk og røynd direktør i Innovasjon Norge Agder med ei vitamininnsprøyting!
13.30 Pause
13.50 Nyskaparane
- Skapande skallar fortel om nyskaping og vilje som drivkraft for å flytte fjell. Gründarar frå heile dalen syner seg fram!
14.40 Hurtigflørt
- 4 x 10 minuttars seansar. Alle blir invitera til 4x 10-minuttars organisert stemnemøte for å bli kjende og smarte! Kva driv me med – korleis kan me fremje kvarandre – selje kvarandre – gjere kvarandre betre?
15:30 Pause med matbit
16:00 Loop by Laura
16:30 «Disrupt or be disrupted»
- Jan Grønbech: -Det er ikkje nok med digital effektivisering og det å vere synleg på nett. Skal kommune, fylke, bedrift eller organisasjon lukkast, må dei finne svaret på kvifor dei eksisterer! Foredrag ved Google Norge-sjefen! (opptak)
18:00 Samling på Hovden Høyfjellshotell
- Vorspiel og mingling før middag
19:00 Bobler
- BOBLER med & utan
20:00 Festmiddag
- Utdeling av Setesdalsprisen for 2016 til Valle Sparebank og banksjef Vidar Homme
Fredag 15. april
09.00 Wake up call
- Stein Gauslaa - Kickstart på dagen! Wake up call frå den tidlegare sjefredaktøren i Agderposten.
09:30 Setesdal i morgon
- Siri Mathiesen, regiondirektør NHO Agder om utfordringar og moglegheiter ved å skape si eiga framtid.
10:00 Felles reiselivsorganisasjon for Setesdal
- Odd Grønberg, styreleiar i Visit Setesdal om status og vidare arbeid
10:30 Pause
10:50 Har reiselivet ringverknader for næringslivet i heile Setesdal?
- Connie Barthold, prosjektleiar for Berekraftig reisemål presenterer rykande fersk ringverknadsanalyse og gir oss status for Setesdal på veg mot Berekraftig reisemål!
11:20 Skapartrong og drivkraft
- Belinda Bjerke, ein av gründarane i Norwegian Design House og Norwegian Garden, brenn for formidling av norsk produksjon og design.
11:50 Ordskifte: Tenk grønt, Setesdal!
- Korleis møter me morgondagen? Sveinung Hovstad, Stein Gauslaa, Siri Mathiesen, Ann-Torill Briksdal og Jon Rolf Næss.
12:30 Utdeling av Gründerprisen
- Dagleg leiar i Setesdal Regionråd, Signe Sollien Haugå kjem med ferske innspel om vegen vidare for Setesdal.
- Sveinung Hovstad deler ut prisen, som blir gitt til Steinar Nomeland for produktet polarsand
13:00 Grab & go!
Påmelding
Påmelding skjer til post@setesdal.no innan 1. april 2016
Deltakarar
Programkomite
Ørnulf Hasla, Bjørn Erling Auestad, Connie Barthold, Svein Hjort-Olsen, Ann-Torill Briksdal, Harald Haugland, Knut På Bø, Ole P. Bruun, Signe Sollien Haugå – med god hjelp av Styrk Fjærtoft Trondsen, Jon Rolf Næss og Gunn Marith Homme.