Kjell Rune Heia

Frå Setesdalswiki
Hopp til navigering Hopp til søk
Kjell Rune HeiaSymbol unrelated.svg
Kjell Rune Heia 2024.jpg
Kjell Rune, januar 2024.
Født: 27. april 1969 (55 år)

Kjell Rune Heia (fødd 27. april 1969) er avdelingsleiar for avdelinga til Containertech (tidlegare Skild) på Nesmoen på Bygland.

Kjell Rune har utdanning frå Sørlandets Tekniske Fagskole 1986–1987 og 1996–1998. Frå 1998 arbeidde han 11 år for Aker Solutions med vedlikehald av boreutstyr. Deretter var han to år i Indonesia for Seadrill. Etter det igjen arbeidde han eitt år for Apply i Stavanger.

I februar 2012 starta han selskapet RVD og dreiv det til han i september 2014 vart dagleg leiar i Skild, eit selskap han skipa saman med Andersen Mek. Verksted i Flekkefjord. Hausten 2023 blei Skild fusjonert inn i Containertech.

Kjell Rune Heia blei tildelt Setesdalsprisen for 2023 under Setesdalskonferansen 2023Hovdestøylen 26. oktober 2023. Grunngjevinga var innsatsen hans for verdiskaping, vekst og utvikling til beste for heile regionen.

Kjelder