Hovden Høyfjellsenter

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk

Hovden Høyfjellsenter er ein hyttepark på vestsida av Riksveg 9, om lag 900 m nord for Hovden sentrum. Hyttene er velutstyrte, med to til fem soverom og plass til seks til tolv personar. Dei fleste hyttene har sauna. Høyfellsenteret har også ei stor hytte med to fløyar, med tolv soverom med køyesenger i kvart rom. Det er såleis soveplass til 24 personar i kvar fløy. Kvar fløy har to dus-rom og to WC-rom, og opphaldsrom med køkken, spisebord og stolar. I bygninga der resepsjonen held til, ligg også Rabatten Skiutleige.

Kjelder[rediger]

  • Hovden Vinter 2018/2019, gratismagasin, side 91

Eksterne lenker[rediger]