Uppstad Transport & Anlegg

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Hovudkvarteret på Rysstad.
Gravemaskin frå UTA i aksjon i Evje sentrum 25. august 2015.
Rundkjøringa i Dåsnes er eitt av prosjekta UTA har arbeidd med.

Uppstad Transport & Anlegg (UTA) var ei entreprenør- og anleggsverksemd med hovudkvarter på Rysstad i Valle. Her var det også verkstad. Eigar og dagleg leiar var Kjell Olav Uppstad. Verksemda hadde rundt 18 tilsette, og omsetjing på om lag 25 millionar kroner i året. Hausten 2015 utførte UTA grunnarbeida til det nye friidrettsanlegget ved Hornnes stadion, og grunnarbeida i den nye miljøgata gjennom Evje sentrum. Firmaet hadde også fleire vedlikehaldskontrakter langs Riksveg 9 og Fylkesveg 45 over til Telemark.

I mai 2017 blei det kjend at UTA hadde begjært oppbud og at verksemda var konkurs.

Historie[rediger]

UTA starta som eit enkeltmannsføretak for Kjell Olav Uppstad i 1996. I 2002 vart verksemda gjort om til akseselskap. Mellom mange store byggeprosjekt firmaet har vore engasjert i er ny trasé for Riksveg 9 langs Flårstrondi, rassikring i Urdviki i Bygland og Rundkjøringa i Dåsnes, i tillegg til dei som er nemnt ovafor.

Kjelder[rediger]