Hovden Fjellstoge

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Fjellstoga sett frå sør.

Hovden Fjellstoge er ein overnattingsstad i naturskjønne omgjevnader mellom Otra og Rv-9, 2,7 kilometer nord for Hovden sentrum øvst i Setesdal. Hovden Fjellstoge tilbyr rom med frukost, hytter for sjølvhushald og gode pakketilbod med det meste inkludert. I periodar tilbyr Fjellstoga også spanande arrangement og aktivitetar. A la carte restaurant er open kvar dag i sesongen. I vintersesongen går det gratis skibuss til Hovden Alpinsenter, og det er direkte tilkomst til det store løypenettet på Hovden for dei som vil gå langrenn.

Eigedomsselskapet God Driv i Kristiansand eig 65 prosent av aksjane i Hovden Fjellstoge AS. Vertskapet på Fjellstoga, Roy Bakke og Ann-Torill Briksdal, eig 17,5 prosent kvar.

Hyttebygging[rediger]

På eit ca 30 dekar stort areal rundt Hovden Fjellstoge er det planar om å bygge kring 140 hytter og leilegheiter. God Driv står bak planane, saman med Roy Bakke og Ann-Torill Briksdal. Første byggetrinn kom i gang sommaren 2017. Det omfatta 13 hytter som skulle selgast til private. Det er planlagt ei stegvis utbygging vidare.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]

Kart[rediger]

Laster kart...