Destinasjon Hovden

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Fjellbyen Hovden logo.png

Destinasjon Hovden er destinasjonsselskapet for Hovden og Bykle. Selskapet driv også turistkontoret for Bykle kommune, og er koordinator for løypeprepareringa i kommunen. Destinasjon Hovden er i tillegg leverandør av tenester til Visit Setesdal. Kontoret er i Hovdetun i Hovden sentrum. Selskapet har fire tilsette. Destinasjonssjef er Roy Bakke. Han overtok etter Lasse Eidskrem i 2018. Selskapet har mange samarbeidspartnarar; om lag 60 bedrifter støtter arbeidet med å utvikle Hovden som ein heilårs reiselivsdestinasjon.

Destinasjon Hovden blei skipa i 1985, med då under namnet Hovdenferie AS. Bykle kommune eig ca 99 % av aksjane. Den siste prosenten har Setesdal Regionråd.

Styre[rediger]

I 2020 er desse med i styret: Tallak O. Hoslemo (leiar), Frode Verpe, Roar Hjelmeset, Kirsten Leira og Ann-Torill Briksdal.

Styret i 2018: Frantz A. Nilsen (leiar). Styremedlemer: Roger Hagel Sørli, Kristin Sæthre Bondevik, Ann-Torill Briksdal og Håkon-Andre Andersen.

Styret i 2017 var Odd Grønberg (leiar), Ole P. Bruun (nestleiar), Uwe Arntzen (styremedlem), Ann-Torill Briksdal (styremedlem), Signe Sollien Haugå (styremedlem) og Pål Martens Bratland (styremedlem). Varamedlemmer med møterett: Bjørn Erling Auestad og Marcin Matysik.

Kjelder[rediger]

Eksterne lenker[rediger]