Frode Buen
Frode Buen![]() | ||
---|---|---|
Født: | 3. oktober 1964 (60 år) |
Frode Buen (fødd 3. oktober 1964 i Bergen) er rådgjevar informasjon og reiseiv i Valle kommune. Han var markedssjef i Destinasjon Hovden frå 1. november 2011. Han vaks opp i Bergen og etter vidaregåande skule studerte han reiseliv på Høgskolen på Lillehammer. Han er reiselivskandidat og diplomkandidat i markedsføringsledelse for reiselivet. Han har og teke pedagogisk seminar. Militærtenesta hadde han i Sjøforsvaret, der han var tre år på U-båt.
I 1990 kom han til Valle og arbeidde med reiseliv i to år. Deretter var han på Rygjabø vgs der det var oppretta reiselivslinje og der skulen skulle prøve ut ny fagplan i reiselivsfag. Men i 1995 kom han tilbake til Valle, først til reiselivslaget, deretter i Valle kommune, der han har hatt ulike oppgåver knytt til utvikling og reiseliv fram til oktober 2011, då han slutta for å begynne i Destinasjon Hovden. Etter eitt år der, kom han tilbake til stillinga i Valle kommune.
Frode Buen bur på Rygnestad, eitt av dei tjue utvalde kulturlandskapa i Norge.
Kjelde
- Opplyst i brev 25. april 2012