Geir Skjevrak
Hopp til navigering
Hopp til søk
Geir Skjevrak | ||
---|---|---|
Født: | 10. oktober 1967 (57 år) |
Geir Skjevrak (fødd 10. oktober 1967) er leiar for Bygland Varmesentral. Han er cand.agric. frå Universitetet for miljø og biovitenskap på Ås og arbeidde frå 1996 til 2011 i Statoil. I denne tida arbeidde han og med doktorgradsarbeid på Institutt for energi- og prosessteknikk ved NTNU i Trondheim. Tema for arbeidet var Improvements of utilization of wood-pellets through small- and medium scale combustion unit. Arbeidet vart fullført 6. desember 2013. Frå 2011 har han vore leiar for Bygland Varmesentral. Han er og eigar av Melefallet kraftverk saman med Birgit Skjevrak Skeie.
På fritida er Geir mellom anna engasjert i målsaka. Han er styremedlem (2017) i Bygland Mållag.
Publikasjonar
- Geir Skjevrak: Wood pellets utilized in the commercial and residential sectors - an in depth study of selected barriers for increased use. Doktorgradsarbeid NTNU 2013
- Tore Filbakk, Geir Skjevrak, Olav Albert Høibø, Janka Dibdiakova, Raida Jirjis: The influence of storage and drying methods for Scots pine raw material on mechanical pellet properties and production parameters i Fuel Processing Technology 92 (2011)
- Carlos Salas-Bringas, Tore Filbakk, Geir Skjevrak, Odd-Ivar Lekang, Olav Albert Høibø, Reidar Barfod Schüller: Assessment of a new laboratory die pelleting rig attached to a texture analyzer to predict process-ability of wood pellets. Energy consumption and pellet strength i «Annual Transactions of the Nordic Rheology Society» nr 18 (2010)
- Carlos Salas-Bringas , Tore Filbakk , Geir Skjevrak , Odd-Ivar Lekang , Olav Albert Høibø , Reidar Barfod Schüller: Compression rheology and physical quality of wood pellets pre-handled with four different conditions i «Annual Transactions of the Nordic Rheology Society» 18 (2010).
Kjelder
- Eventyr frå Setesdal, utgjeve av Bygland Mållag, 2017, side I