Valle Sparebank

Fra Setesdalswiki
Share/Save/Bookmark
Hopp til: navigasjon, søk
Bankens hovudkontor i Valle.
Bankens minibank på Rysstad
er tilgjengeleg frå bilen.

Valle Sparebank er ein liten, sjølvstendig og særs solid sparebank, stifta 24. mars 1866 i Valle, der hovudkontoret framleis ligg.

Forvaltningskapital[rediger]

Banken sin forvaltningskapital pr. 31. desember 2007 var på 1.026 mill. kr, med ei solid kapitaldekning på 19,21% (styresmaktene sine krav er på 8%). I 2014 var denne auka til 1.365 mill. kr, ei kapitaldekning på 21,41%.[1] Banken har kundar over heile landet, mykje takka vere utflytta setesdølar. Ved årsskiftet 2015/2016 var det alt i alt kring 3 000 kundar, og det er 14 tilsette som utfører 12,8 årsverk i verksemda.[2] Banken har filial på Rysstad, og eit avdelingskontor i Kristiansand.

Banken dekker dei fleste banktenester, slik som innskot, utlån, kort, betalingsformidling, valuta, forsikringar, aksjehandel på internett og personleg økonomisk rådgjeving.

Kvart år deler banken ut gåver til lag og organisasjonar i området den dekker. Sjå Valle Sparebank si gåvetildeling 2010. Gjennom åra har banken samla om lag 50 kunstverk av kunstnarar som Lars Osa, Harald Lund, Olav Bjørgum, Vebjørn Sand og Thorstein Rittun. 35 av bileta var vist for publikum sommaren 2010 på Tveitestemna.[3]

Tilknytning[rediger]

Saman med 75 andre norske sjølvstendige sparebankar er Valle Sparebank medeigar i Eika-Gruppen AS.

Tilsette[rediger]

Valle Sparebank har pr. 1. januar 2016 14 tilsette. Dei utfører 12,6 årsverk.[4] Administrerande banksjef er Vidar H. Homme. I staben har han med seg depotansvarleg Bjørg Åkre, rekneskapsansvarleg Anne-Gunn Homme Paulsen og IT- og driftsansvarleg Kåre Rike. Elles jobbar avdelingsleiar daglegbank Anette Uppstad saman med daglegbankmedarbeidarane Ingebjørg Helle Haugen, Margit Homme, Karen Marie Rike Lund, Ingvill Nomeland, Kari Brottveit Rysstad og Ingunn Åkre Uppstad. Avdelingsleiar sal og rådgjeving i Valle Helga Jonny B. Kjelleberg har med seg kunderådgjevarane Toril Dale, Gro Haatveit Hovet og Erling Sagneskar, og på avdelingskontoret i Kristiansand arbeider avdelingsleiar sal og rådgjeving i Kristiansand Torleiv Hovet og kunderådgjevar Tor Arild Rysstad.

Sjå også[rediger]

Referansar[rediger]

  1. Nettsida til Valle Sparebank, besøkt 28. januar 2016
  2. Ole Birger Lien, Det handla om pengar, og litt om damer, artikkel i Setesdølen nr. 7, 2016, side 6
  3. Torunn Charlotte Lund: Banken stiller ut kunst på Tveitestemna. Artikkel i Setesdølen nr. 64, 2010 side 3
  4. Nettsida til Valle Sparebank, besøkt 28. januar 2016

Eksterne lenker[rediger]